Gå til sideinnhold
Heim / Sparing / Fond og aksjar / Spare i fond

Spare i fond

For deg som har ein langsiktig tidshorisont på sparinga og vil ha avkastning på pengane dine.

Enkelt

Like enkelt som å spare på konto.

Full oversikt

Du får full oversikt i mobilbanken og nettbanken din.

Betre avkasting

Historisk sett får ein betre avkastning over tid med sparing i fond enn kontosparing.

Kva er eit fond?

Eit verdipapirfond er ei kollektiv investering der mange spararar går saman om å plassere pengane sine i verdipapirmarknaden. Å spare i fond er ein god måte å spare på då det historisk sett gjev betre avkastning enn vanleg banksparing.

Kvart fond har ein profesjonell forvaltar til å styre investeringane der målet er å gje deg best mogeleg avkastning. Forvaltarane gjer dei investeringane dei til ei kvar tid meinar er dei beste. Forvaltaren legg pengane dine inn i den same potten som midlane til dei andre investorane. Summen av alle pengane blir kalt fondet sin forvaltningskapital. Forvaltaren investerer deretter forvaltningskapitalen i aksjar, obligasjonar eller ein kombinasjon av desse.

Den høgare avkastningen kjem av at fondet du har plassert sparepengane dine i, har investert i selskap som stadig skapar meir verdi. Aksjemarknaden vil svinge, men så lenge ein har produksjonsvekst og auka verdiskapning i samfunnet vil aksjemarknaden over tid stige meir enn det fell.

Kva fond er rett for meg?

Banken tilbyr ulike typar fond frå eit utval fondsleverandørar. Det finst tre hovudtypar fond; aksjefond, rentefond og kombinasjonsfond. Kva fond som passar for deg avheng mellom anna av risikoen du ynskjer og tidshorisont for sparinga di. Dess lenger ein sparar dess større er sjansane for å få ei god avkastning.

Dersom du er usikker på kva fond du skal spare i, kan du prøve spareroboten under. Denne vil ut frå omsyn til sparemål, risiko og den økonomiske situasjonen din elles finne fram til kva type fond som passar for deg. Den hjelper deg også med å opprette ein spareavtale slik at du kjem raskt i gang med sparinga.

Aksjesparekonto (ASK)

Når du sparar i aksjefond eller aksjar kan du velje mellom å samle dei på ein vanleg fondskonto eller i ein aksjesparekonto.

Ein aksjesparekonto er gratis, og gir deg moglegheit til å kjøpe og selje aksjar og aksjefond utan å betale skatt. Skatten betalar du først når du tek gevinsten ut av kontoen.

No lurar mange på

Kva er eit aksjefond?

Eit aksjefond er eit verdipapirfond der minimum 80 prosent av andelseigarane sin kapital blir investert i aksjemarknaden. Aksjefond er delt inn i ulike grupper etter kvar ein skal investere midlane i fondet. Investeringa kan til dømes vere geografisk avgrensa (til Noreg, Norden eller Europa) eller på bransje (til dømes helse, finans eller teknologi).

  • Den mest nytta fondstypen i Noreg
  • Eignar seg spesielt godt for langsiktig sparing i minst fem år
Kva er eit kombinasjonsfond?

Eit kombinasjonsfond er ein kombinasjon av eit aksjefond og eit rentefond.

  • Dess større andel aksjefond dess større forventa avkastning og risiko
  • Det vert anbefalt å spare i minst tre år
Kva er eit rentefond

Eit rentefond er eit fond som plasserar pengane i renteberande papir som sertifikat (lån med løpetid inntil 12 månader) og obligasjonar (lån med løpetid over 12 månader). Dei som utferdar slike papir er stat, fylke, kommune, bankar og store selskap.

  • Sertifikat og obligasjonar har ein jamnare verdiutvikling enn aksjefond, og av den grunn kan du forvente lågare avkastning over tid
  • Det vert anbefalt å spare i minst to år
Korleis kjøper eg fond?
  • Logg inn i nettbanken eller mobilbanken
  • Vel «fond og aksjar»
  • Kjøp, løys inn eller reinvestere i spesifikke fond

Du kan også sjå verdien og avkastninga av fonda dine under «fond og aksjar».

Me gjer merksam på at innføring av skatteopplysningsavtale med USA (FATCA) har ført til at me ikkje tilbyr investeringstenester til amerikanske statsborgarar eller personar skattemessig busette i USA.

Korleis finn eg spareroboten?

I nettbank:

  • Logg inn i nettbanken
  • Vel «fond og aksjar» i menylinja. Då kjem du til ei oversikt over totalverdien på fonda og aksjane dine.
  • Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
  • Vel «Sparerobot» i menyen i fondsportalen

I mobilbank:

  • Logg inn i mobilbank
  • Klikk på menylinjene øverst til venstre
  • Vel «fond og aksjar» under overskrifta «Sparing»
  • Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
  • Vel «Sparerobot» i menyoversikta i fondsportalen
Korleis opprettar eg ein aksjesparekonto?

I nettbank:

  • Logg inn i nettbanken
  • Vel «fond og aksjar» i menylinja. Då kjem du til ei oversikt over totalverdien på fonda og aksjane dine
  • Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
  • Vel «Opprett/Flytt til ASK» i menyen i fondsportalen

I mobilbank:

  • Logg inn i mobilbank
  • Klikk på meny øverst til venstre
  • Vel «fond og aksjar» under overskrifta «Sparing»
  • Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
  • Vel «Opprett/Flytt til ASK» i menyoversikta i fondsportalen

Me ynskjer di tilbakemelding!