Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Billån / Grønt Billån

Grønt Billån

Gjennom Brage Finans finansierer me både nye og brukte elbilar. Det skal løne seg å kjøpe miljøvenlege bilar!

Gode vilkår

Konkurransedyktig rente på både nye og brukte køyretøy.

Rask handsaming

Du får raskt svar på søknaden din.

På nett eller i bank

Legg inn søknaden din digitalt, eller snakk med ein av våre rådgjevarar.

Elbil som lader. Foto

Om Grønt billån

Gjennom Brage Finans gjev me deg betre vilkår ved kjøp av 0-utsleppsbil som el- eller hydrogendriven bil. Du kan kjøpe frå private eller forhandlar, ny eller brukt bil.

Renta på lånet er avhengig av kor mykje eigenkapital du betalar inn når du tek opp lånet. Beste renta får du med 35% eigenkapital. Du kan få inntil 100 % finansiering og ti års nedbetaling. 

Ved å bruke kalkulatoren nedanfor kan du sjå pris og legge inn søknaden din.

Billånkalkulator – grønt billån

Ung mann opner bildør og ser ut fra bilen. Foto

Knallgode, prisvinnande vilkår, lynrask opptening av bonus og leigebil i heile reparasjonstiden

Les meir om bilforsikring i Frende

Dette lurer mange på om billån

Kva skjer når eg har søkt om billån i Brage?

Når Brage har motteke søknaden din får du med ein gong ein epost eller sms der du blir bedt om å sende samtykke til at dei får innhenta inntekts- og skatteopplysningar på deg. Deretter reknar Brage på tala dine og tek kontakt med deg. Når du kjøper bilen kan du enkelt esignere lånedokumenta med BankID. På Min side i Brage har du god oversikt over lånet ditt.

Kva betyr salspant i bil?

Når ein tek opp eit lån vil utlånar ha sikkerheit for lånet sitt. Tek ein opp billån med sikkerheit i bil heiter pantet salspant. Salspant kan ein kun etablere akkurat den dagen ein kjøper bilen. Dette er årsaka til at du ikkje kan få innvilga lån på bil du allereie er eigar av.

Kva betyr heftelsar i bilen?

Heftelsar betyr at den som eig bilen no har billån og at det er tatt salspant i bilen som sikkerheit for lånet. Brage Finans sjekkar alltid om det er heftelsar på bilen du kjøper og sikrar at den er heftefri ved overtaking.

Kven kan eg kjøpe bil av?

Du kan få lån til kjøp av bil av både privatperson og forhandlar.

Du kan ikkje få lån med salspant til å kjøpe bil av nokon som har same adresse som deg.

Kven får utbetalinga av billånet?

Utbetaling av billån med pant i bil går alltid til selgjar sin konto.

Kan sambuar eller ektefelle stå som eigar av forsikringa?

Ja, så lenge vedkomande er registrert som medlånetakar på lånet og har same folkeregistrerte adresse som deg.

Kan foreldre stå som eigar av bilforsikringa til ungdomen sin?

Nei. Regelen er at det er eigar av bilen som skal stå som eigar av forsikringa.

Kvar finn eg lånet mitt?

På Min side i Brage har du god oversikt over lånet ditt. Her kan du også betale ekstra på lånet, søkje om å endre terminbeløpet, søkje om avdragsfritak og liknande.

Trykk her for å gå til fleire ofte stilte spørsmål på Brage Finans sine nettsider.

Me ynskjer di tilbakemelding!