Opningstider og betalingsfristar for jul og nyttår 2024
Skal du overføre pengar som julegåve, eller kanskje setje julegåva di inn på BSU før nyttår? Her kan du sjå kva fristar som gjeld.
Opningstider Gaupne og Hafslo | |
---|---|
23.12.2024 | 10:00 – 14:00 |
24.12.2024 | Stengt |
25.12.2024 | Stengt |
26.12.2024 | Stengt |
27.12.2024 | 10:00 – 14:00 |
30.12.2024 | 10:00 – 14:00 |
31.12.2024 | Stengt |
01.01.2025 | Stengt |
Betalingsfristar
Jul:
- Siste frist for betalingar som skal komme fram til julaftan er måndag 23. desember kl. 13:30.
- Betalingar som du utfører i nett- og mobilbank etter dette tidspunktet vil vere på mottakars konto fredag 27. desember.
Nyttår:
- Siste frist for betalingar som skal komme fram før nyttår er tysdag 31. desember kl. 13:30. Dette er òg siste frist for BSU-sparing i 2024.
- Betalingar etter dette tidspunktet vil vere på mottakars konto torsdag 2. januar 2025.
Fondshandel og IPS
Siste dag for fondshandel i 2024 er måndag 23. desember. Dette er også siste frist for sparing på IPS-konto for å få skattefordel i 2024.
Me ynskjer dykk ei god jul og eit godt nytt år!
Helsing alle oss i Luster Sparebank