Ikkje-digitale kundar
Me har full forståing for at det kan vere vanskeleg for deg som ikkje har høve til å nytte digitale tenester. Difor vil me som bank framleis ha døra open for deg.
I Gaupne har me ope alle kvardagar kl. 10:00 – 15:00 og på Hafslo har me ope måndag, onsdag og fredag kl. 10:00 – 15:00.
I lokala våre kan me hjelpe deg med å ta ut kontantar, betale rekningar og utføre overføringar.
Dersom du har fått deg Visakort eller nettbank, men er usikker på korleis du skal bruke desse, kan nokon frå kundesenteret vårt vere med å rettleie deg dei første gongene.
Disposisjonsfullmakt / Framtidsfullmakt
Dersom du ynskjer at nokon andre du stolar godt på skal hjelpe deg med å betale rekningar eller ta ut kontantar for deg, kan me i banken hjelpe deg med å setje opp ei disposisjonsfullmakt for kontoen din.
Me kan også gje deg rettleiing i å opprette ei framtidsfullmakt, som vil bli gjort aktiv den dagen du ikkje klarar å ta vare på interessene dine sjølv.
Les meir om framtidsfullmakt her.
Hjelp til digitale tenester
For å få BankID, er det krav om at du må kunne bruke denne sjølv. Dersom du ikkje kan bruke BankID sjølv, kan du gje fullmakt til nokon andre for å få hjelp til digitale tenester. Denne fullmakta gjer at nokon du stolar godt på kan logge inn med sin eigen BankID på vegne av deg på ulike offentlege tenester, til dømes Helse Norge, NAV og Statens Vegvesen.
På desse sidene kan du lese meir om fullmakt, samt laste ned og skrive ut skjema for fullmakt: