Gå til sideinnhold
Jordkloden sett fra verdensrommet. Foto

Varsel om overføringar til utlandet!

Grunna den pågåande konflikten i Ukraina er det store svingingar i valutamarknaden og usikkerheit knytt til betalingar til og frå Russland, Ukraina og Kviterussland.

Luster Sparebank kan ikkje under den pågåande situasjonen garantere at betalingar, uavhengig av valuta, kjem fram til mottakarar i desse landa.

Det er innført, både frå USA, UK og EU, ei betydeleg mengde sanksjonar mot personar, selskap og bankar, og ytterlegare tiltak er venta.

Det er risiko for at utgåande og inngåande betalingar kan bli avviste eller frosne.

Me forheld oss løpande til det til ei kvar tid gjeldande sanksjonsregelverket, og transaksjonar som er underlagt sanksjonar vil ikkje gjennomførast.

Du som kunde må difor sjølv vurdere i kva grad det er kritisk å føreta betalingar no.

Me vil og gjere deg merksam på at du har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om betalingar og forsending av varer er i tråd med det til ei kvar tid gjeldande sanksjonsregelverket.

Meir informasjon om dette finn du på Utenriksdepartementet sine sider.

Klikk her for å gå til Utenriksdepartementet

Me ynskjer di tilbakemelding!