Visste du at du kan vere kunde i Luster Sparebank, uansett kvar i landet du bur?
Luster Sparebank er ikkje berre for lustringar. Me har kundar over heile landet, og det er me stolte av. Felles for kundane våre er at dei ønskjer ein bank som er enkel å kome i kontakt med, med rask saksbehandling og ein personleg rådgjevar å ringe til.
Lett å snakke med
Vår visjon er «Saman når me måla dine!». Me skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar.
Me bryr oss om deg som kunde og jobbar for at du skal nå måla dine. Du bestemmer sjølv korleis du ynskjer å kommunisere med oss. Kom innom til oss i banken, snakk med oss på telefonen eller ta kontakt via digitale kanalar, du vèl – og me gjer det enkelt for deg.
Her kan du lese meir om:
Ein støttespelar for lokalsamfunnet

Din eigen rådgjevar
Hjå oss vil du få ein personleg rådgjevar som er tilgjengeleg for deg eller bedrifta di.
Raske svar
Som lokalbank har me kjapp saksbehandling og gir deg raskt svar.
Støttar lokalsamfunnet
Me gir tilbake av overskotet vårt gjennom gåvemidlar og sponsing.
Skal du kjøpe bustad?
Les vår rettleiing til bustadlån og huskjøp
Hugs å forsikre det kjæraste du har!
Best når det gjeld. Me har forsikringane du treng gjennom Frende Forsikring
Start tidleg
Mange ventar, men det kan vere lurt å starte med pensjonssparinga tidlegare enn ein trur. Me kan hjelpe deg i gang.
– Me er med deg heile vegen
Jermund Lien Molland, Banksjef Luster Sparebank