Opningstider og betalingsfristar for jul og nyttår 2023
Skal du overføre pengar som julegåve, eller kanskje setje julegåva di inn på BSU før nyttår? Her kan du sjå kva fristar som gjeld.
Opningstider i banken
Gaupne: 27. – 29. desember kl. 10:00 – 14:00
Hafslo: 27. og 29. desember kl. 10:00 – 14:00
* Banken er stengt 25. desember, 26. desember og 1. januar
Betalingsfristar
Jul
Siste frist for betalingar som skal komme fram til julaftan er fredag 22. desember kl. 13:30.
Betalingar som du utfører i nett- og mobilbank etter dette tidspunktet vil vere på mottakars konto onsdag 27. desember.
Nyttår
Siste frist for betalingar som skal komme fram før nyttår er 29. desember kl. 13:30. Dette er og siste moglegheit for BSU-sparing i 2023.
Betalingar etter dette tidspunktet vil vere på mottakars konto tysdag 2. januar 2024.
Fondshandel og IPS
Siste dag for fondshandel i 2023 er torsdag 21. desember.
Siste frist for sparing på IPS-konto for å få skattefordel er onsdag 27. desember kl. 12:00.
Me ynskjer dykk ei god jul og eit godt nytt år!
Helsing alle oss i Luster Sparebank