Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Gode råd for å unngå å bli svindla
En kvinne med rosa neglelakk skriver på sin mobil. Foto

Gode råd for å unngå å bli svindla

Svindlarane blir stadig meir kreative. Me oppmodar alle kundar til å vere ekstra påpasselege mot forsøk på svindel.

Råd for å unngå å bli svindla

  • Aldri oppgje BankID-passord, kodar frå kodebrikka eller kort- og kontoinformasjon til nokon!
  • Banken eller andre seriøse aktørar vil aldri be deg oppgje slike opplysningar. Er du i tvil om det er banken som ringjer deg, sender e-post eller sms? Ta kontakt med oss før du gjer noko.
  • Ikkje still kontoen din til disposisjon for overføringar frå ukjende. Det kan vere straffbart.
  • Mistenker du at ein e-post eller sms er eit svindelforsøk? Ikkje svar eller klikk på lenker – slett!
  • Sørg for å byte passord på e-post, sosiale medier og andre kontoar jamnleg. Unngå å ha same passord fleire stader. Aktiver tofaktorautentisering der dette er mogleg.
  • Svindel via sosiale medier aukar. Dei lokkar med kjærleik eller store gevinstar i investeringsmarknaden. Ikkje lat deg lure!
  • Vèr obs ved netthandel og forsikre deg om at nettsida er trygg å handle på.

Me ynskjer di tilbakemelding!