Gå til sideinnhold
Heim / Sparing / Pensjonssparing
sandstrand-px

Pensjonssparing

Dagens pensjonsordning gjer at det vert viktigare å ta ansvar for eigen sparing. Dersom du ynskjer økonomisk fridom som pensjonist, bør du starte sparinga så tidleg som mogleg.

Kvifor skal eg spare til pensjon?

Pensjonen din i framtida er tredelt. Dei tre byggesteinane i det norske pensjonssystemet er:

Pensjonssystemet 2
  • Folketrygda – den statlege grunnmuren alle får frå NAV
  • Tenestepensjon – sparing arbeidgjevar gjer for deg
  • Eigen sparing – det du sparar sjølv

Stadig færre yrkesaktive skal finansiere pensjonane til fleire eldre – som lever lenger. Tidlegare var det dei 20 beste åra som telte for Folketrygda. I dagens pensjonsordning gjeld alle år i arbeid, og med dette vert det lagt opp til at mange vil måtte stå lenger i jobb for å oppnå same pensjon som tidlegare generasjonar.

Mange blir overraska over kor redusert inntekta kan bli den dagen ein går av med pensjon. Ei privat pensjonssparing vil kunne bøte på dette. Denne kan gje deg meir økonomisk fridom, og moglegheit til å oppretthalde den levestandarden du er vant til. Slik kan privat sparing vere ein viktig del av den totale pensjonen din.

Pensjonskalkulator

Sjå kor mykje du kan forvente i årleg pensjon.

Kalkulator og penn ligger på en skriveblokk. Foto

Korleis bør eg spare til pensjon?

Fondssparing er ein god måte å spare til eigen pensjon. Historisk sett får ein betre avkastning over tid med sparing i fond enn ved sparing på konto.

Du kan også spare til pensjon og utsette skatt gjennom individuell pensjonsordning (IPS).

Startar du tidleg med privat pensjonssparing kan du også spare mindre per månad og pengane dine får meir tid til å vekse.

Er du usikker på korleis du bør spare, så hjelper me deg i gang.

Me ynskjer di tilbakemelding!