Vipps for bedrifter, lag og organisasjonar
Vipps er perfekt anten du har ei større bedrift eller driv eit lag eller organisasjon. 3 millionar nordmenn har lasta ned Vipps! Brukarane er mange, og bruksområda er mange.
Enkel oversikt
Brukar verksemda di eller laget/organisasjonen Vipps så har de tilgang til både Vippsportalen og ein eigen Vipps Bedrift app. Her får du oversikt over kundeforhold, salsrapportar, du kan administrere Vippsløysinga di og mykje meir.
Vippsnummer
Ta betalt med Vippsnummer
Kundane dine får eit enkelt alternativ til kort og kontantar og du får pengar rett inn på konto.
- Raskt oppgjer – pengar på konto dagen etter
- Ingen faste kostnader
- Gløym betalingsterminalen og ta betaling kvar som helst
- Prisar Vippsnummer:
- 0 kr i etablering
- Ingen abonnementspris
- 1,75% av omsetning
- er du godkjent av innsamlingskontrollen eller medlem av innsamlingsrådet betalar du kun 1,5% av kjøp
Vipps eFaktura
Vipps eFaktura - raskare og enklare fakturering
Vipps og eFaktura frå Nets har slege seg saman for å digitalisere og forenkle rekningsbetaling i Norge. På Nets sine sider finn du spørsmål og svar på alt som har med Vipps og eFaktura å gjere.
Med Vipps eFaktura kan kundane dine enkelt betale med eit fingeravtrykk når og kvar dei vil.
Du kan få:
- kjappare innbetalingar
- betre likviditet
- lågare fakturakostnader
Om de tek i bruk Vipps eFaktura vert faktura frå dykk tilgjengeleg for forbrukaren i Vipps, nettbank og mobilbank. De som bedrift kan halde fram med dagens faktureringsrutinar.
Kostnad for Vipps eFaktura vert bestemt av fakturadistributøren. Ta kontakt med din leverandør av økonomistystem eller fakturadistributør. Det kostar ingenting for kunden din å betale rekning i Vipps.
Vipps på nett
Gjer det superenkelt å handle i nettbutikken din!
Med Vipps på nett får kundane dine
- rask og enkel utsjekk
- betre kundeoppleving
Pris er avhengig av storleik på omsetninga.
Ta gjerne kontakt med banken for informasjon om Vipps på nett.
Meir om Vipps
Har du spørsmål om Vipps?