Gå til sideinnhold

Betaling utland

Det er enkelt og mest rimeleg å gjennomføre ei betaling til utlandet i Nettbedrift eller i Nettbanken din.

Betaling til utlandet

For at du skal kunne gjere ein betaling til utlandet treng du desse opplysningane:

  • Fullstendig namn og adresse til mottakar
  • Mottakarbanken sin SWIFT-/BIC-kode
  • IBAN-kontonummer og banksamband til mottakar.

IBAN/Kontonummer finn du som regel på fakturaen, saman med andre betalingsopplysningar. Dersom du ikkje har desse opplysningane, må du kontakta mottakar eller mottakaren sin bank for å få tak i desse.

Her kan du klikke for å sjå ei oversikt over kva dei ulike landa krev ift. IBAN, samt ei liste over land du ikkje kan sende NOK eller USD til.

Finn du ikkje alternativet for betaling til utland i din nettbank, må du kontakte banken for å få tilgang.

Les meir om betaling til eller frå utlandet her

IBAN-kalkulator

Ditt IBAN-nummer:
Randi Aarøy Nundal

Treng du hjelp med betaling til eller frå utlandet?

Ofte stilte spørsmål

Kva er IBAN, og korleis finn eg mitt IBAN-kontonummer?

IBAN står for International Bank Account Number, og er ein internasjonal standard for bankkontonummer. Innanfor for EU og EØS-området må IBAN brukast ved betaling til og frå utlandet.

Ved hjelp av IBAN-kalkulator kan du finna IBAN-kontonummeret til aktuell konto.


IBAN-kontonummer finn du også på kontoutskrifta di.

Kor lang tid tek det før mottakaren får pengane?

Ordinære betalingar innanfor EU / EØS-området tek normalt frå 2 til 4 bankdagar. Ordinære betalingar til resten av verda tek normalt frå 2 til 8 bankdagar.

Hastebetaling innanfor EU / EØS-området tek normalt frå 0 til 2 bankdagar. Hastebetaling til resten av verda tek normalt frå 2 til 8 bankdagar.

Til enkelte land kan det ta inntil 15 dagar eller meir før betalinga er framme.

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om betaling til utlandet.