Gå til sideinnhold
Heim / Bedrift / Innskot og plassering
Stablede sparepenger i et pengeglas. Det vokser en plante på hver av stablene og på glasset. Foto

Innskot og plassering

Finn den spareløysinga som passar best for di bedrift.

Sparing i bank

Har du ofte raskt behov for midlar kan ein sparekonto vere den beste løysinga for di bedrift. Me kan gje deg gode råd for kva du skal gjere med eventuell overskotslikvidetet.

Her kan du lese meir om banken sine ulike spareprodukt

Sparing i fond

Det kan vera lurt å ikkje satsa alle pengane på eitt verdipapir. Fond er lagt opp slik at risikoen blir spreidd på forskjellige typar verdipapir. På denne måten er bedrifta sikra ein jamnare og tryggare utvikling av overskotsslikviditeten.

Me kan gje bedrifta di råd og rettleiing om langsiktig plassering i fond.

Her kan du også lese meir om sparing i fond

Sparing i aksjar

Me tilbyr aksjehandel på internett i samarbeid med Norne Securities.
Ved å registrera aksjehandlane dine sjølv i nettbanken, kan du raskt og effektivt kjøpa og selja enkeltaksjar, samstundes som du sparer omkostningar.

Før du plasserer sparepengane i aksjar må du vera klar over at plassering i enkeltaksjar er ein relativt risikofylt investering. Det krev god kunnskap til marknaden og ulike bransjar. Skal ein investera i enkeltaksjar risikerer ein periodar med store svingingar.

Les meir om sparing i enkeltaksjar her

Kjell Håvard Skeide

Me kan hjelpe deg med å finne ein god sparemåte tilpassa di bedrift.

Me ynskjer di tilbakemelding!