Gå til sideinnhold
Heim / Bedrift / Temasider / Starte bedrift

Starte bedrift

Kvinne står og smiler i sin egen butikk for blomster. Foto

Ber du på ein draum om å starte di eiga bedrift? Me hjelper deg gjerne i gang!

Oppstart

Før ein startar ei bedrift er det nyttig å kort beskrive kva bedrifta di skal tene pengar på. Dette blir din forretningsidè. Korleis bedrifta di skal gjere dette i praksis er vidare din forretningsmodell. Når du har formulert både forretningsidè og forretningsmodell så startar arbeidet med å vite kven kundane dine er, før ein kan undersøke om det er eit marked for idèen din. Innovasjon Norge har ein god mal du kan nytte til denne fasen.

For å opprette bedrifta må du registrere den i Brønnøysundregistret. Undervegs i registreringa må du velje selskapsform. Du kan velje å starte eit enkeltmannsforetak (ENK) eller eit aksjeselskap (AS) med fleire. Dei ulike selskapsformene har ulike fordelar.

Enkeltmannsforetak (ENK)

Er ein organisasjonsform der ein fysisk person står ansvarleg for verksemda. Det betyr at du har fullt økonomisk ansvar for verksemda sine krav og forpliktingar. Du kan starte eit ENK med null kroner på konto, då du ikkje er bunden til å skyte inn pengar for å starte selskapet.

ENK er enkelt, ubyråkratisk og rimeleg. Til gjengjeld har du personleg ansvar for gjeld, er noko dårlegare sikra sosialt, og alt overskot skattast som personleg inntekt med opp til 49.6 %.

Aksjeselskap

AS er ei forkorting for aksjeselskap. Overfor dei som har lånt selskapet pengar er du kun ansvarleg for beløpet du har skutt inn. Som tilsett i eit eige AS har du krav på mange av de samme trygdeytelsene som andre tilsette.

Når du opprettar AS, må du skyte inn aksjekapital på minimum 30 000 kroner. AS har vidare noko strengere krav til regnskap enn ENK. Eit AS må ha et styre med minst eit medlem.

Etablere kundeforhold i Luster Sparebank

Eit langvarig og godt forhold er basert på at vi kjenner kvarandre godt.

Informasjon banken treng frå deg før me kan etablera eit kundeforhold er:

  • Kva relasjon har du til Luster Sparebank og Luster
  • Formål og bakgrunn for bedrifta di
  • Stiftelsedokumentet med vedtekter
  • Kundeerklæring
  • Har du behov for investeringar?
    • Korleis har du tenkt å finansiera dei (lån, eigenkapital mm)
    • Kva midlar disponera du eventuelt?
  • Gjerne budsjett
  • Marknadsplan

Bli bedriftskunde

Når du har registrert bedrifta hjå Brønnøysund kan du bli bedriftskunde hjå oss i Luster Sparebank.

Då får du:

  • Ein personleg bedriftsrådgjevar som føl deg og dine saker opp
  • Tett dialog med bedriftsrådgjevar.
  • Kunnskap om marknaden og rammevilkår
Helga. Foto

Snakk med oss om moglegheiter for deg og di bedrift.

Synast du dette var nyttig?

Du finn enno meir nyttig om å starte og drive bedrift på Altinn sine nettsider.


Me ynskjer di tilbakemelding!