Pensjon
Ein god pensjonsavtale er viktig slik at ein sikrar inntekta si etter at det aktive arbeidslivet er over.
Alle bedrifter er plikta til å ha ein avtale for sine tilsette. Difor bør du velje ein avtale som dine tilsette vil verdsetje og som knyter dei til bedrifta.
Rådgjevarane våre kan mykje om pensjon og kan hjelpe deg med å finne rett sparing og forsikring tilpassa bedrifta di.
Luster Sparebank leverer eit moderne pensjonssystem – «Frende Forsikring Pensjon levert av Nordea Liv».
Innskotspensjon
Innskotspensjon er den vanlegaste forma for pensjon for tilsette i private bedrifter.
Bedrifta betalar inn ein bestemt sum kvart år til dei tilsette sin pensjonskonto. Dette utgjer pensjonssparinga.
Slik fungerer det hjå oss:
Innskotspensjonen hjå Frende er levert av Nordea Liv og let deg velje sparing innanfor følgjande sparesatsar:
- Inntil 7% av løn opptil 12 G
- I tillegg kan du spare inntil 18,1% av løn mellom 7,1 og 12 G
Du vel sjølv om sparinga skal starte frå første krone eller frå 1 G.
Minimum sparesats er lovbestemt til 2% frå 1 G. Bedrifta kan velje å spare utover minimumskravet.
Viktig gode for tilsette
Å spare til pensjon for dine tilsette er kanskje det viktigaste du kan gjere for dei.
Gode pensjonsordningar er òg eit stadig viktigare gode for dei tilsette, slik at du kan behalde dei beste folka, og for å vere attraktiv når du skal tilsette nye.
Pengane du sparar vert investert i fondspakkar. Dei tilsette kan sjølv velje kva fondspakke dei ynskjer, innanfor avtalen bedrifta har valt.
Innskotsfritak ved uførleik
Innskotspensjonsavtalen har innskotsfritak.
Det betyr at du slepp å betale innskota dersom ein tilsett vert ufør. Nordea Liv tek over sparinga, så lenge inntektsevna til den tilsette er sett ned med 20% eller meir, og han eller ho har vore sjukmeld i 12 månadar eller meir. Uføregraden avgjer storleiken på fritaket.
Dekninga gjeld så lenge den tilsette er ufør, og varar til fylte 67 år.
Uførepensjon
Dersom du vil gje dei tilsette og familiane deira ekstra tryggleik kan du knyte tilleggsdekninga Uførepensjon til avtalen.
Avtalen gir den tilsette pengar ved uførleik og kan gi inntil:
- 3% av løn inntil 12 G
- Tillegg på 66% av løn mellom 6 og 12 G
- Tillegg på 25% av G, avgrensa til 6% av løn
Uførepensjon vert utbetalt når inntektsevna til den tilsette er sett ned med 20% eller meir, og han eller ho har vore sjukmeldt i 12 månadar eller meir. Utbetalinga varar til fylte 67 år og det er mogleg å inkludere barnetillegg.
Andre tilleggsdekningar
Innskotspensjonsavtalen kan også inkludere ektefelle-, sambuar- og barnepensjon.
Ektefelle- og sambuarpensjon fungerer slik at ektefelle eller sambuar får utbetaling dersom den tilsette døyr. Barnepensjon gir barn under 21 år utbetaling dersom den tilsette døyr.
Enkelt å halde seg oppdatert
Enklare for bedrifta
Det er enkelt å halde seg oppdatert med nettportalar på alle flater.
Med nettløysinga Bedriftsdialogen er det enkelt å halde avtalen oppdatert. Du kan med få klikk melde tilsette inn og ut av avtalen, registrere sjukefråver og endre løn eller stillingsprosent. Du kan òg sjekke fakturahistorikken og finne andre nyttige rapportar.
Bedriftsdialogen er tilgjengeleg både på mobil, nettbrett og PC.
Enklare for dei tilsette
Dei tilsette får tydeleg og forståeleg oversikt over pensjonen sin – rett på mobilen.
Mange tykkjer pensjon er vanskeleg, men det treng det ikkje å vere.
Med pensjonsappen Boost kan dei tilsette enkelt få presentert kva som kan bli utbetalt i alderspensjon og følgje pensjonskontoen si utvikling.
Ein får også oversikt over avtalen sin i folketrygda, opptent pensjon hjå tidlegare arbeidsgjevarar og eventuell eiga sparing.
Dei tilsette får tilgang til Persondialogen med enkel oversikt på mobil, nettbrett eller PC. I Persondialogen er det til dømes enkelt å endre fondspakker og følgje verdiutviklinga på eigen pensjon.
Grunnbeløp
G er forkorting for Grunnbeløpet i folketrygda og vert nytta til å berekne mange av NAV sine ytingar. Grunnbeløpet vert justert 1. mai kvart år og blir fastsett etter trygdeoppgjeret.