Betaling utland
Betaling til utlandet gjer du enklast og rimelegast i Nettbedrift eller i Nettbanken
Du kan også kontakta banken, så hjelper me deg!
Betalingsoppdraget må innehalda informasjon om:
- Valutasort og beløp
- Mottakar sitt kontonummer og IBAN-nummer
- Namn og adresse til betalingsmottakar
- Mottakarbanken sin BIC/SWIFT eller bankkode
- Banksambandet til mottakaren (namn og adresse)
- Kva overføringa gjeld
Betalingsterminal
Gjer det mogleg for kundane å betala med kort.
Med betalingsterminal får du garantert oppgjer. I tillegg blir avstemminga enklare. Dersom det er ønskjeleg, kan kundane også ta ut kontantar i samband med varekjøp.
Alle typar betalingskort frå norske banker blir akseptert i betalingsterminalen. I tillegg kan det inngåast avtale med Visa, Eurocard, American Express og Diners slik at deira kort også kan nyttast.
Ønskjer de å leiga eller eiga betalingsterminal?
Banken formidlar betalingsterminalar gjennom NETS. Nets har betalingsterminalar for alle bransjar og behov. Du vel sjølv om du vil kjøpa eller leiga betalingsterminal. Ta kontakt med banken for meir informasjon.
Entercard Business Gold
Dette er bedriftskorta banken har gjennom EnterCard.
Søknadsskjema EnterCard Business Gold Personleg Ansvar
Søknadsskjema EnterCard Visa Business Gold Firmaansvar
Kanskje kan andre korttypar vera aktuelle?
Nettbedrift
NettBedrift er vårt web-baserte betalingssystem for bedrifter. Med NettBedrift kan bedrifta betala rekningar, utveksla filer og få tilgang til rapportar.
Fordeler med NettBedrift:
- Enkelt å lagra og henta detaljert informasjon om betalingar og mottakarar
- Kompatibelt med OCR, Avtalegiro, Autogiro, Cremul og bankavstemming
- Kan integrerast med lønns-, økonomi- og bankavstemmingssystem
- Tryggleiken er ivareteken med sikre og graderte brukartilgangar
- Funksjonalitet for valutakonti
Uavgrensa tal brukarar per avtale
For meir informasjon om NettBedrift, kontakt banken
OCR-Giro, AvtaleGiro og Direkte remittering
OCR-giro
Innbetalings-produkt for alle typar rekningar. Verksemda di slepp manuell registrering av innbetalingar og får automatisk oppdatering av kundereskontroen.
Ved bruk av OCR giro sender verksemda di faktura med ferdig utfylt kundeidentifikasjon (KID) til kundane.
Når KID vert brukt ved innbetaling får verksemda di spesifikasjon av innbetalingen på fil (OCR-fil) for automatisk oppdatering av reskontroen, og slepp manuell registrering av innbetalingane.
Dei fleste økonomisystem er tilrettelagt for produktet.
Avtalegiro
Gjer betalinga enklare og billegare for verksemda sine kundar, på same tid får verksemda raskare betalingsinngang, betre oversikt og enklere administrasjon.
AvtaleGiro er spesielt egna for større bedrifter med stabil kundemasse som har repeterande betalingar med faste eller varierande beløp.
Bedrifta overfører betalingskravet elektronisk til banken, og banken sørgjer for at belastninga skjer ved forfall. Med AvtaleGiro er bedrifta sikker på at fordringane blir betalt til rett tid, og har heile tida full oversikt og kontroll.
Direkte remittering
Bedrifta registrerer inngåande fakturaer i reknskapssystemet og føretek lønnsutbetalingar.
Alle betalingstransaksjonane blir sende til Nets. Betalingstransaksjonane blir lagde på venteregister fram til forfallsdato, maksimum 1 år. Konteringsdata for dei utførde transaksjonane blir sendt kunden, slik at reskontroen kan oppdaterast automatisk.
Alle bedrifter som har elektronisk baserte reknskapsrutinar kan bruka direkte remittering for lønns- og bedriftsbetalingar.