Innskot
Likviditetsstyring er viktig for alle bedrifter.
Driftskonto og skattetrekkskonto er obligatoriske produkt for dei fleste. I tillegg treng du kanskje gode råd for kva du skal gjera med eventuell overskotsslikviditet.
Fond
Det kan vera lurt å ikkje satsa alle pengane på eitt verdipapir. Fond er lagt opp slik at risikoen blir spreidd på forskjellige typar verdipapir. På denne måten er bedrifta sikra ein jamnare og tryggare utvikling av overskotsslikviditeten.
Me kan gje bedrifta di råd og rettleiing om langsiktig plassering i fond.
Aksjar
Me tilbyr aksjehandel på internett i samarbeid med Norne Securities.
Ved å registrera aksjehandlane dine sjølv i nettbanken, kan du raskt og effektivt kjøpa og selja enkeltaksjar, samstundes som du sparer omkostningar.
Før du plasserer sparepengane i aksjar må du vera klar over at plassering i enkeltaksjar er ein relativt risikofylt investering. Det krev god kunnskap til marknaden og ulike bransjar. Skal ein investera i enkeltaksjar risikerer ein periodar med store svingingar.