Gå til sideinnhold
Heim / Sparebankveka 2022

Sparebankveka 2022

I år blir det sparebankveke i Gaupne og på Hafslo 5. – 9. desember. Me kan love langope, god julestemning, lansering av Lustrakalenderen og fine tømmegåver.

Nissar med sparegris, fotograf Lene

Opningstider i Sparebankveka

Gaupne:

Måndag og torsdag: kl. 10:00 – 18:00

Tysdag, onsdag og fredag: kl. 10:00 – 15:00

Hafslo:

Måndag og fredag: kl. 10:00 – 15:00

Onsdag: kl. 10:00 – 18:00

Velkommen innom

Me gledar oss til å ta i mot dykk!

Alle born som leverer sparebøssa si, eller som har spart på anna måte (konto eller fond), får premie og er i tillegg med i trekninga av 2 iPad`ar.

Denne veka vil me ha ekstra fokus på faste spareavtalar, sparing i fond og barne- og ungdomsforsikring. Dersom du ynskjer møte med ein av rådgjevarane våre denne veka, må du avtale tid på førehand. Du kan og registrere interesse for eit møte når du kjem innom banken. Ein rådgjevar vil då kontakte deg i etterkant.

BUF Frende 2023

Barne- og ungdomsforsikring

Hugs å forsikre det kjæraste du har
Mor kysser og tar vare på barnet utendørs på en eng. Foto

Sparing for barn

Her kan du få gode råd
Marte

Ta gjerne kontakt med oss for å avtale møte med ein rådgjevar

Me ynskjer di tilbakemelding!