Opningstider og betalingsfristar for jul og nyttår 2025
Skal du overføre pengar som julegåve, eller kanskje setje julegåva di inn på BSU før nyttår? Her kan du sjå kva fristar som gjeld.
| Opningstider jul og nyttår 2025 | |
|---|---|
| 23.12.2025 | 10:00 – 14:00 (stengt på Hafslo) |
| 24.12.2025 | Stengt |
| 25.12.2025 | Stengt |
| 26.12.2025 | Stengt |
| 29.12.2025 | 10:00 – 14:00 |
| 30.12.2025 | 10:00 – 14:00 (stengt på Hafslo) |
| 31.12.2025 | Stengt |
| 01.01.2026 | Stengt |
| 02.01.2026 | 10:00 – 15:00 |
Betalingsfristar
Jul:
- Siste frist for betalingar som skal komme fram til julaftan er måndag 23. desember kl. 13:30.
- Betalingar som du utfører i nett- og mobilbank etter dette tidspunktet vil vere på mottakars konto måndag 29. desember.
Nyttår:
- Siste frist for betalingar som skal komme fram før nyttår er onsdag 31. desember kl. 13:30. Innskot på BSU-konto bør registrerast seinast 30. desember for å få skattefordel for 2025.
- Betalingar etter dette tidspunktet vil vere på mottakars konto fredag 2. januar 2026.
IPS
Siste frist for sparing på IPS-konto for å få skattefordel i 2025 er 29. desember.
Me ynskjer dykk ei god jul og eit godt nytt år!
Helsing alle oss i Luster Sparebank