Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Endeleg er BankAxept i Apple Pay!
apple2 hand BAX

Endeleg er BankAxept i Apple Pay!

Luster Sparebank er ein av dei første bankane i Norge som tilbyr BankAxept i Apple Pay.

Stadig fleire betalar med klokke eller mobil

Stadig fleire vel å betale med digitale lommebøker frå globale aktørar. For eit år sidan gjorde Luster Sparebank det mogleg for våre kundar å nytte Apple Pay, og innan kort tid blei dette ein av dei mest populære betalingsmetodane for våre kundar.

apple done

BankAxept vs. Visa

Tidlegare har alle mobil- og klokkebetalingar gått gjennom internasjonale betalingsnettverk som Visa og Mastercard. Frå mai 2024 har Luster Sparebank, som ein av ti bankar lansert ei teknisk løysing, som gjer til at betalingane går via det norske betalingsnettverket, BankAxept, i staden. Dette sikrar kostnadseffektive betalingsløysingar for butikkar og forbrukarar i Norge.

Kva betyr det for deg som kunde?

Etter 28.mai 2024 kan du legge inn betalingskortet ditt i Apple Pay, og nytte BankAxept via Apple Pay.

Du betalar som før ved å tæppe mobilen din eller klokka di. Terminalen i den fysiske butikken merkar at bankkortet frå Luster Sparebank som er lagt inn i Apple Pay er eit såkalla kombikort med både BankAxept- og Visa-del tilgjengeleg. Sidan BankAxept er norske butikkars føretrekte betalingsnettverk, vil terminalen gje beskjed om at kjøpet ditt skal gå via BankAxept.

Betalingane utførast slik digitalt gjennom Apple Pay, og BankAxept tilbyr deg som kunde lynraskt oppgjer, kontanttjenester i butikk og vareretur gjennom deira betalingsnettverk i bakkant.

Kom i gang med Apple Pay! Klikk her for å lese meir

Luster Sparebank 1-1 3

Me ynskjer di tilbakemelding!