Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Billån / Gode råd ved kjøp av bruktbil
Låser opp ny bil med bilnøkkel. Foto

Gode råd ved kjøp av bruktbil

For å sikre at du som kjøpar får ein trygg og smidig handel, har me laga ei liste med nokre hugsereglar som kan vere nyttige for deg som kunde.

  • Sjekk om det kan vere heftelser på bilen. Dette kan du enkelt gjere i Brønnøysundregistrene ved å skrive inn registreringsnummeret.
  • Skriv alltid kontrakt når du kjøper bruktbil. Sørg for å få med alle detaljar. Standard kjøpekontrakt kan du mellom anna finne på heimesida til NAF.
  • Sjekk at servicehefte følgjer med bilen, og at det er ekte, utfylt og komplett. Sjekk at alle servicar er utført i samsvar med tilrådd serviceintervall.
  • Sjekk nøye marknadsprisen på den bilen du vurderer å kjøpe.
  • Få oversendt kopi av vognkort og andre relevante opplysningar om bilen, som servicehefte, utstyrsliste, tidlegare skadar, og eventuelt meirverdiavgift.
  • Undersøk bilen sin kilometerstand og årsmodell – gjerne hjå autorisert verkstad.
  • Undersøk om bilen har hatt skade.
  • Undersøk eigarforhold. Be om legitimasjon. Er det eigar av bilen som sel den?
  • Undersøk bilen nøye. Ta gjerne ein kjøpstest av bilen før du signerer kjøpekontrakten.
  • Undersøk om bilen er EU-godkjent. Dette kan du gjere på Statens Vegvesen sine sider.
  • Sørg for at ein eventuell garanti gir deg rettar utover dei alminnelege reklamasjonsreglane.
Ung mann opner bildør og ser ut fra bilen. Foto

Knallgode, prisvinnande vilkår, lynrask opptening av bonus og leigebil i heile reparasjonstiden. 

Les meir om Frende bilforsikring her

Me ynskjer di tilbakemelding!