Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Billån / Råd til deg som skal selje bil

Råd til deg som skal selje bil

Skal du selje ein bil til nokon som skal finansiere denne hjå Brage Finans?

Brage utbetalar direkte til seljar når følgjande er motteke frå kunde:

  • eSignerte lånedokument (tilbodsbrev, nedbetalingsplan, gjeldsbrev og tinglysningsdokument). Legitimasjonskontroll skjer gjennom eSignering med BankID.
  • Signert kjøpekontrakt. Denne må vere signert av både kjøpar og seljar, og prisen på bilen og seljar sitt kontonummer må kome fram. Standardkjøpekontrakt kan du finne på heimesida til NAF.
  • Kopi av mellombels vognkort. Det vil seie at bilen må omregistrerast på kjøpar før oppgjeret kjem.

Hugs at billånet kun kan etablerast samstundes med kjøp – det vil seie at lånedokumenta må vere signert av kunde før overlevering av bilen.

Om du som seljar ynskjer stadfesting på kunden si finansiering, kan du ta kontakt med Brage Finans på telefon 97 65 78 36 eller e-post [email protected]

Me ynskjer di tilbakemelding!