Endre administrator i nettbedrift
Ein administrator har moglegheit for å gje og fjerne tilgangar til Nettbedrift
Om rolla
Ein eller fleire personar kan vere ansvarleg for administrering av ei nettbedriftavtale. Alle nettbedrifter må ha minst ein administrator.
Ein administrator har fullmakt til å tildele andre brukarar tilgangsfullmakt til Nettbedrift, og denne kan også endre eksisterande tilgangar. Med rolla som administrator har ein såleis eit stort ansvar.
Slik legg du til ny administrator
- Eksisterande administrator loggar inn i nettbedrift og legg opp ny brukar på den personen som skal bli ny administrator
- Skjemaet under må fyllast ut med opplysningar om kven som skal vere ny administrator og om eksisterande administrator skal fjernast
- Personen som får si e-postadresse oppgjeve i skjemaet under, får skjemaet først til signering. Det er viktig at både ny administrator og personen som har signaturrett for selskapet eller organisasjonen signerer på skjemaet. Skjemaet kan sendast vidare i sjølve signeringsportalen.
- Ved endring av styre er det den med gjeldande signaturrett som skal signere.
- Dersom styret ikkje er ført opp i Brønnøysundregisteret kan det vere aktuelt å sende banken dokumentasjon på kven som er styremedlemmar.