Gå til sideinnhold
Heim / Forsikring / Livsforsikring

Livsforsikring

Livsforsikring Frende 2023

Sikre dine næraste økonomisk dersom det verste skulle skje. Livsforsikring gir dei etterlatte viktig økonomisk tryggleik.

Dekkar alle dødsårsaker

Livsforsikringa er enkel og god. Det er godt å vite den dagen den trengs.

Mest fornøgde kundar

År etter år viser undersøkingar svært fornøgde kundar.

Gjeld over heile verda

Vår forsikring dekkar deg uansett kvar i verda du bur.

Kvifor bør eg ha ei livsforsikring?

Livsforsikring, òg kalla dødsfallforsikring, skal sikre dine etterlatte dersom du skulle falle frå. Mange teiknar ei slik forsikring for å sikre økonomisk tryggleik og sikkerheit.

Forsikringa vil hjelpe dei etterlatte til å behalde huset og gje høve til å betale ut arvingar. Det vil gje økonomisk fridom til å handtere løpande utgifter.

Det er tungt nok å miste nokon ein er glad i. Det blir ekstra tøft å måtte forhalde seg til økonomiske utfordringar på toppen av det heile.

Me rådar deg til å ta kontakt med ein av våre rådgjevarar. Dei kan hjelpe deg med å sjå kva økonomiske konsekvensar det får dersom du skulle falle frå.

Frende Forsikring

Luster Sparebank er ein av medeigarane i Frende Forsikring. Selskapet er kåra til «best i test» på fleire av sine forsikringar dei siste 10 åra og er eit trygt valg for deg. Frende har både totalkunderabatt og lojalitetsbonus. Me kan gjere forsikring enklare og meir lønsamt for deg som kunde.

Steinar Øygarden

Snakk med oss om forsikring

Husforsikring eller innbuforsikring?

Husforsikring gjeld bygningen og det som er fastmontert. For å få erstatta det som ikkje er fastmontert, treng du i tillegg innbuforsikring.

Les om innbuforsikring og husforsikring her

Testament

Få dine ynskjer høyrt og fjern tvil ved fordeling av arv. Det kan vere godt å få skrive eit testament. No kan du opprette dette digitalt utan å måtte gå innom ein advokat.

Les meir om å opprette testament her

Forsikre deg, ditt og dine.

Fornøgde kundar, trygt skadeoppgjer og best i test. Det er mange gode grunnar til å velje Frende Forsikring.

Få ein oversikt over alle person- og skadeforsikringar her

Me ynskjer di tilbakemelding!