Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Nettbank / Trygg nettbank – 5 gode råd

Trygg nettbank – 5 gode råd

Gode vanar på nett gjer det enklare å verne seg mot svindel. Pass godt på passord og kodebrikke, ver kritisk til uventa førespurnader, og sørg for at utstyret ditt er oppdatert og sikkert.

Her kjem fem gode råd for tryggare bruk av nettbank:

  • Pass godt på passord og kodebrikke. Oppgje aldri desse til nokon, uansett om forespørsel kjem gjennom e-post, telefon eller ansikt til ansikt. Dette gjeld også dersom nokon utgir seg for å vere banken, politiet eller andre.
  • Kontroller at du har tasta inn rett beløp og mottakars kontonummer når du skal betale. Bruk KID-nummer viss det er mogleg.
  • Hold datamaskina di oppdatert og sikra, og ver generelt kritisk til kva lenker du trykker på.
  • Hugs å alltid logge ut av nettbanken når du er ferdig.
  • Mistenker du at passord eller kodebrikka di er på avvege så ring sperretenesta så snart som råd.

Vil du lese meir? Klikk her for å gå til Nettvett sine sider.

Kvinne sjekkar nettbanken sin på en pc. Foto

Me ynskjer di tilbakemelding!