Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Bankkort / Bestille kort

Bestille kort

Bestill bankkort direkte i nettbank eller mobilbank

Er du allereie kunde hjå oss og over 18 år, så kan du enkelt bestille kort i din nettbank eller mobilbank.

Bestill bankkort via kontaktskjema

Du kan også bestille kort ved å fylle ut skjema.

Spar litt kvar gong du brukar bankkortet

Småsparing er så enkelt at du nesten ikkje merkar det! Ein avtale om småspar legg du enkelt til i nettbanken din.

Les meir om småsparing her

Ta med deg Norges beste reiseforsikring!

Med reiseforsikring frå Frende er du dekka frå du reiser heimefrå og heilt til du er tilbake.

Les meir om Frende Forsikring her

Dette lurer mange på angående kort

Kvar finn eg PIN-koden til kortet mitt?

Du kan finna PIN-koden din ved å logga deg inn i nettbanken.

  • På bankkortet finn du informasjonen du treng for å henta ut PIN-koden.
  • Logg inn i nettbanken. Klikk på «Meny» og vidare «Kort»  og «Hente Pin»
  • Vel kort og tast inn CVV2 og utløpsdato. CVV2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.

Denne tenesta er gebyrfri første gongen du hentar PIN-kode. Ved bruk av tenesta ved seinare høve, sjå prisliste.

Eg har fått nytt bankkort, korleis aktiverer eg det?

Det er 4 måtar å aktivere kortet på:

  • I butikk/minibank: Første gang du brukar kortet kan du sette det inn i kortterminalen og taste PIN-koden din. Du kan også aktivere bankkortet ved å bruke chip og PIN i ein minibank.
  • I mobilbank: vel i hovudmeny – kort – aktivere kort
  • I nettbank: vel kort – aktivere kort
  • Du kan også ringe banken for å få hjelp

Kvifor er ikkje bankkortet aktivert når eg får det?

Tidlegare var korta klare når dei blei sendt frå banken. Av omsyn til tryggleik må du no aktivere bankkortet før du kan nytte det til netthandel og betaling i appar.

Når korta blir sendt ikkje-aktiverte gjer me det vansklegare for uvedkommande å ta i bruk eit stole bankkort.

Kortet mitt er blitt misbrukt/svindla, kva skal eg gjere?

Dersom du mistenker svindel på kortet ditt, må du så raskt som råd sperre dette. Du finn meir informasjon her:

Klikk her for å gå til sida for Sperre kort og andre tenester

Kva er beløpsgrensa på mitt kort?

Kortet ditt vil komme med innebygde grenser for kor mykje pengar du kan ta ut eller betale med i ein gitt periode. Beløpsgrensene varierer etter kortypen.

Beløpsgrensene er også tilpassa alderen til eigaren, ein vil derfor kunne oppleve at grensa på kortet blir endra frå eit år til eit anna. Til dømes vil beløpsgrensene på eit bankkort av typen Ung bli endra når eigaren fyller 13 år.

Ung:

  • 8-13 år: Beløpsgrensene er tilpassa alderen, og barna kan bruke inntil 1000 kr pr veke
  • 13år- : Beløpsgrensa er kr 8000 pr. veke, av dette kr 2500 i minibank

Ung med netthandel:

  • Beløpsgrensa er kr 8000 pr. veke, av dette kr 2500 i minibank

Visa Classic:

  • Beløpsgrense minibank i Noreg: kr 9 900 pr. 4 dagar
  • Beløpsgrense varekjøp i Noreg: kr 99 999 pr. 3 dagar
  • Beløpsgrense minibank i utlandet: kr 15 000

Mastercard:

  • Inga beløpsgrense
Kva er regionsperre?

Regionsperre er ei gratis teneste tilgjengeleg for deg når du er innlogga i nettbank eller mobilbank.

Kortsvindelen aukar og vert stadig meir global. Kortet vert brukt til dømes i Europa, medan svindelen skjer frå heilt andre stadar i verda.

For å redusera risikoen for kortsvindel, gjer me det mogleg for deg å sperra korta dine for bruk i minibankar og kortterminalar i dei delar av verda du ikkje oppheld deg. Har du ikkje planar om å reisa til til dømes Amerika eller Asia, kan du sperra kortet ditt for bruk i desse regionane. Sperringa opphevar du like enkelt.

Ved å ta i bruk tenesta er du med på å hindra kortsvindel.

Sperre for enkelte regionar: Legg du inn regionsperre på kortet ditt, kan du vere trygg på at kortet ikkje blir misbrukt i dei regionane du har sperra det for.

Sperre for netthandel: Du kan velje om korta du disponerer skal kunne nyttast til netthandel.

Enkel å bruke

Løysinga administrerar du enkelt sjølv i nettbanken eller mobilbanken din.

Løysninga er enkel å bruka. Etter at du har logga på nettbanken, vel du «Meny» og vidare «Kort» og så «Regionsperre».

Vel så om regionsperrene skal gjelde eit eller alle korta dine. Vidare kryssar du av for om ein region skal vere sperra / open, og til sist om du skal kunne bruke bankkortet/-korta til netthandel.

Vidare vel du om du ynskjer å motta sms-varsling viss kortet vert forsøkt brukt i regioner det ikkje er opna for.

I Mobilbanken finn du Regionsperre i menyen under «Kort» og vidare «Regionsperre».

Sperringa eller opphevinga trer i kraft umiddelbart etter at du har registrert den.

Ut å reise eller er du nett heimatte?

Det kan vere lurt å logge inn i nettbanken din og sjekke om du har aktive regionsperrer før avreise.

Er det haka av for «sperra» i regionen du reiser til, så vil du ikkje kunne nytta det aktuelle kortet ditt der. Det må stå som «open» for at du skal kunne ta ut kontantar i minibank eller betale for varer med kortet.

Har du gløymt å fjerne regionsperra før du reiser, kan du logge deg inn i nettbanken eller mobilbanken der du er, eller ringe oss i opningstida på telefonnr. +47 57 68 27 00.

Korleis brukar eg kontaktlaus betaling?

Kontaktlaus betaling er klar til bruk så lenge du har gjennomført eit vanleg kjøp med kort i terminalen.

Slik betalar du

  1. Sjå at kortet og betalingsterminalen har dette symbolet:

2. Legg kortet («tæpp») inntil symbolet på terminalen til du høyrer eit pip.

3. No er kjøpet fullført. Er kjøpet over 500 kr må du også taste inn PIN-koden din.

Frå tid til anna vil du også bli bedt om å taste PIN-koden din for å stadfeste at du er rett eigar av kortet.

Eg har mista kortet mitt. Kva gjer eg?

Dersom du mistar kortet ditt, må du snarast sperre det.

Les meir her om sperre kort.

Eg har gløymt PIN-koden til kortet mitt.

Du kan finna PIN-koden din ved å logga deg inn i nettbanken.

  • På bankkortet finn du informasjonen du treng for å henta ut PIN-koden.
  • Logg inn i nettbanken. Klikk på «Meny» og vidare «Kort»  og «Hente Pin»
  • Vel kort og tast inn CVV2 og utløpsdato. CVV2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.

Denne tenesta er gebyrfri første gongen du hentar PIN-kode. Ved bruk av tenesta ved seinare høve, sjå prisliste.

Kortet mitt fungerer ikkje.

Det kan vera fleire årsaker til at kortet ikkje fungerer tilfredstillande. Bruk av feil PIN-kode, skade på magnetstripe/chip og liknande.

Ta kontakt med banken.

Er det trygt å betale med kort på internett?

Ja, men du må beskytta datamaskina di og sjekka nettbutikken godt før du handlar. Dette bør du gjera:

  • Bruka antivirus-, antispionprogram og brannmur på datamaskina di
  • Ikkje legg igjen konto-, kort- eller personopplysningar i nettbutikker du er usikker på
  • Handla i kjende og seriøse nettbutikkar, og i nettbutikkar som har løysningar for å betala som Verified by Visa og MasterCard SecureCode.
Kva er CVV2/CVC2?

CVV2 / CVC2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.

Når du handlar med Visakort eller MasterCard på nett vil du bli spurd om kortnummer, utløpsdato og svært ofte CVV2-/CVC2-kode.

Kva er BankAxept? Kva er Visa?

BankAxept er det nasjonale betalingssystemet i Norge, medan VISA er eit globalt betalingssystem.

Luster Sparebank sine bankkort kan nytte seg av betalingssystema til både Visa og BankAxept. Merk at det er eigne reglar for kva betalingssystem barnekort, ungdomskort og Mastercard-bankkorta kan nytte.

I Noreg vil som regel betalingar med bankkort i butikk og bruk av minibankar gå via BankAxept-systemet.

Er du på reise i utlandet, eller du betalar for varer og tenester på internett eller via appar, så vil desse betalingane som regel gå via VISA-systemet.

Me ynskjer di tilbakemelding!