Gå til sideinnhold

Mastercard

Mastercard Gold kredittkort. Foto

Mastercard er eit kredittkort og kan vere eit supplement til Visakortet ditt. Det er viktig å sette seg inn i kva eit kredittkort er før ein inngår ein avtale.

Same PIN-kode

Du får same PIN-kode på Mastercardet ditt som på Visakortet.

Forsikring inkludert

Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert dersom reisa vert betalt med Mastercard.

Cashback på netthandel

Du får cashback i over 200 nettbutikkar.

Sjå kva butikkar og les meir

Mastercard er eit samarbeid mellom Luster Sparebank og Entercard Norge, filial av Entercard Group AB (org.nr 919 061 5459), der Entercard er kredittgjevar. Kredittenestene tilhøyrande produktet vert utsteda under varemerket Entercard. Merk at du må ha BankID for å søke om Mastercard.

Kva er eit kredittkort?

Eit kredittkort er eit betalingskort som kan nyttast til å kjøpe varer og tenester. Forskjellen frå eit vanleg Visakort (debetkort) er at du betalar etterskotsvis for bruken på eit kredittkort. Pengane vert ikkje trekt direkte frå kontoen din.

Dersom du ikkje betalar tilbake det du har brukt innanfor den rentefri perioden, må du betale renter av det beløpet du har brukt.

  • Priseksempel: Nominell rente 25,57%, effektiv rente 30,33%, basert på eit eksempel på kr 15 000,- nedbetalt over 12 månadar. Kostnad kr 1717,-. Samla kredittbeløp vil då bli kr 16 717,- (pris gjeldande frå 01.01.2024)

Pass på at du ikkje brukar meir pengar enn du har!

Fordeler

Kortet gir deg tilgang til reservekapital med inntil 45 dagar betalingsutsetjing. Det kan brukast i heile verda, og dersom du kjøper ei reise med Mastercard vil reise- og avbestillingsforsikring vere inkludert.

Ved bruk av kortet vert kjøpa belasta kortet og ikkje kontoen din. Oversikt over transaksjonane kan du finne i nett- og mobilbank under kort – kortoversikt. Du kan bruke same PIN-kode som på det vanlege Visakortet ditt.

Det kan vere lurt å ha to bankkort dersom noko uforutsett skulle skje, til dømes om du mistar Visakortet ditt, eller av andre grunnar må sperre det.

Korleis få Cashback på netthandel

  • Trykk på «butikker» og vel ein nettbutikk du ynskjer å handle frå.
  • Gjennomfør kjøpet som vanleg. Hugs å nytte ditt Mastercard frå Entercard til betalinga.
  • Merk at du må vere innlogga på goldfordel.no og gå via denne nettsida til butikken for at kjøpet skal bli registrert med cashback. Hugs å tillate cookies i nettlesaren din for at kjøpet skal bli registrert korrekt.
  • Cashback vil ikkje vere synleg for deg under sjølve kjøpet, men på neste faktura vil det stå tilbakeført eit beløp.

Kontakt og reklamasjon på kredittkort

Har du spørsmål om kredittkortet ditt kan du ringe telefonnummer +47 73 89 77 56.

Ynskjer du å reklamere på eit kjøp med kredittkort kan du ringe telefonnummer +47 73 89 77 97 eller sende ein epost til [email protected]

Randi Aarøy Nundal

Treng du hjelp?

Ta gjerne kontakt!

Me ynskjer di tilbakemelding!