Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Bankkonto / Parøkonomi
Unge hender som fletter seg sammen. Foto

Parøkonomi

Når ein blir til to (eller tre)

Kjærasteforholdet har teke eit steg vidare og de har flytta saman. Ei fantastisk tid og det kitlar i magen over nye tider – tenk på alt de to skal oppleve saman framover!

Men også i kjærleikslivet er det mange kvardagar og både oppvask, dekkskift, bostømming, klevask og rekningar skal fordelast.

Korleis deler me utgiftene? Kva gjer me som par med ulik inntekt? Kven betalar kva? Kva er ein rettferdig familieøkonomi?

Det er mykje å tenkje på og det finns ingen fasit, men me vil likevel prøve oss på å gje dykk nokre råd på vegen.

Ta praten

Det aller viktigaste er at de snakkar om økonomi. Korleis har de løyst det fram til no? Kva vil endringane i økonomien utgjere for kvar av dykk? Kva blir den beste løysinga for begge partar?  

Mange opplever dette som eit privat tema som er vanskeleg å snakke om – men at det er godt når praten først er teke.

Det første de bør gjere er å bli einige om kor stor del av inntekta dykkar som skal gå til fellespotten og kva beløp den enkelte då sit att med sjølv.

Og denne fellespotten – kva skal den romme? Nokre tips her er buutgifter, felles forsikringar, straum, kommunale avgifter, eigedomsskatt, utgifter til felles barn, felles feriar og felles bilhald.

Mann, kvinne og barn går tur i parken blant trær. Foto

Legg inn faste trekk på lønningsdagen til både sparing og rekningar – enkelt og greitt!

Ulike folk finn ulike løysingar

Nokre vel å dele rekningane omlag likt og betalar ut av sine brukskontoar med eiga løn og har ingen felles kontoar saman.

Andre vel å overføre eit avtalt beløp til ein felleskonto der alt av faste fellesutgifter blir trekt.

Nokre vel å gå vidare på dette alternativet og opprettar enno ein felleskonto med kvart sitt kort som dei nyttar til innkjøp av mat og andre ting.

Andre igjen vel å få begge inntektene inn på ein felleskonto og har absolutt alt felles.

Moglegheitene er mange. Heldigvis handlar det ikkje om å finne det perfekte resultatet med ein gong. Det tek tid å bli kjende og gode system er i stadig utvikling.

Me trur også at behovet endrar seg frå nyinnflytta kjærestar til ein har blitt godt vaksen og har delt eit heilt liv saman.

Våre tips til å sette opp ein god fellesøkonomi

Er de heilt nyetablerte og lurer på korleis de skal rigge parøkonomien eller familieøkonomien dykkar, så kan dette vere ein framgangsmåte:

  • Behald kvar dykkar kontoar som i dag til eiga løn, sparing, lån osv.
  • Opprett ein felles rekningkonto som de begge disponerer og som de overfører likt beløp til kvar månad. Pengane på denne kontoen dekkar kvar dykkar halvpart av husleige, straum, forsikringar og andre utgifter som de har felles. De kan sette automatiske trekk frå kontoen til rekningane så går dei ut av seg sjølv.
  • Opprett ein felles utgiftskonto som de overfører avtalt beløp til kvar månad. Denne kontoen kan de få kvart dykkar kort på slik at de kan kjøpe ting de brukar felles som til dømes mat, lyspærer, dopapir, vaskemiddel og liknande. Denne blir ofte kalla budsjettkonto.
  • Opprett ein felles sparekonto dersom de har ynskje om dette. Sparinga kan til dømes vere til noko de skal eige eller gjere felles, som sofa, ferie, hagemøblar eller bil.
  • Legg inn fast trekk på lønningsdagen til felleskontoane, så er de sikre på at beløpa blir overført som avtalt og at det er dekning på felleskontoane til ei kvar tid.

1. Opprett felleskonto

Du kan enkelt opprette ein ny konto i nettbanken din og legge til disponentar sjølv.

2. Bestill kort

Send melding til banken om kva konto du ynskjer kort på og kven som skal eige korta, så sender me avtalen til dykk for eSignering. Koden er personleg og du vil få den same pinkoden på alle korta du har hjå oss.

Lag gode avtalar

Livet byr på mykje – diverre også samlivsbrot. Det er viktig å lage gode avtalar som held i både fredstid og når livet luggar. Som sambuarar er det viktig at de skriv sambuarkontrakt – i alle fall når de byrjar å eige ting saman. Hugs at denne må oppdaterast jamnleg.

Ein sambuarkontrakt gjeld kun forholdet mellom dykk to og ingen tredjepartar som bank, forsikring eller liknande.

Men kva viss den eine parten døyr – gjeld sambuarkontrakten då? Nei, sambuarkontrakten gjeld kun dei to sambuarane medan dei er i live. Sambuarar har svært avgrensa arverett til kvarandre og de bør skrive testament for å sikre gjenlevande arverett dersom den ynskjer det.

De bør også teikne livsforsikringar der de begunstigar kvarandre. Begunstigar betyr at de bestemmer kven som skal få forsikringsutbetalinga dersom du døyr.

På denne måten kan ein få høve til å halde fram med å bu i felles bustad dersom den eine fell frå.

Forsikringar kan vere litt vanskeleg å forstå, men me hjelper deg med å finne ut kva du har i dag og om du evt. har behov for noko i tillegg.

Mor og datter ler på kjøkkenet. Foto

Forsikre deg, ditt og dine. Me hjelper deg i gang

Klikk her for å lese kva Frende Forsikring tilbyr

Som ektefeller er lova tydlegare og det som er skapt av verdiar under ekteskapet skal som hovudregel delast likt ved skilsmisse. Verdiar ein har med seg inn i ekteskapet og arv eller gåver gitt medan ein er gift får ein med seg ut att. Dersom ein ynskjer andre fordelingar er dette mogleg, men det er spesielle formkrav til slike avtalar.

Også ektefellar bør teikne livsforsikringar og me hjelper sjølvsagt til her også!

Til slutt

Som de ser er det mykje å ta stilling til. Vårt råd er å ikkje gjere det for vanskeleg i starten – mykje kan de ta undervegs.

Same kva løysing de vel så er uansett vårt beste råd å ta praten og forsøke å gjere det så rettferdig som mogleg for begge partar.

Me er sikre på at de vel løysingane som er best for dykk!

Lukke til!

Nytt lyseblått hus på Hafslo. Foto

På utkikk etter draumebustaden?

Me kan hjelpe deg med lån og finansiering

Me ynskjer di tilbakemelding!