Gå til sideinnhold
Heim / Testament

Testament

Par ser utover en gate. Foto

Eit testament kan sikre dine næraste når du går bort, og fjernar tvil om fordeling av arv. Hjå vår partnar, Justify, kan du enkelt opprette eit testament digitalt utan å måtte oppsøke advokat.

Enkelt og sjølvbetjent

Logg inn med BankID og få god rettleiing undervegs.

Trygt

Når du har gjort dine val vil ein advokat gå gjennom alt for å ivareta din tryggleik.

Kvalitet til låg pris

Levering av advokattenester på ein ny måte gjer at fleire kan få råd til å ta gode og trygge livsval.

Kva er eit testament?

Eit testament sikrar at verdiane dine blir fordelt slik du ynskjer det etter at du har gått bort. Dersom du skriv eit testament kan du sjølv, med nokon få unntak, bestemme kven som skal arve deg.

  • Fordeling av eigedelar og verdiar
  • Registrering av forskot på arv
  • Fullmakt for digitale eigedelar
  • Høve til å legge inn personleg melding til etterlatte
  • Vel kven som skal overta foreldreansvar for mindreårige barn
  • Ta kontroll over og bestem kven som skal gjennomføre arveoppgjeret

Testament gjennom Justify

  • Gir full oversikt og høve til å fordele arv slik du ynskjer.
  • Varslar etterlatte ved bortgang
  • Komplett og personleg tilpassa testament som vert kvalitetssikra av advokat før signering med BankID.
  • Etter signering vil testamentet bli oppbevart for sikker lagring og gjort tilgjengeleg på «Min side».
  • Du kan prøve tenesta gratis og betale når du er klar til å fullføre.

Dette lurer mange på:

Korleis fungerer eit abonnement hjå Justify?

Eit abonnement på Justify inkluderer:

  • Sikker lagring av dokumenta dine
  • Ubegrensa høve til å gjere endringar
  • Rettleiing og faglege råd
  • Varslingsteneste ved behov for oppdateringar
  • Advokat som føl opp og kvalitetssikrar dine avtalar
  • Rettleiing til dine næraste ved alvorleg sjukdom eller død

Eit abonnement på 12 månadar er inkludert i prisen ved oppretting av avtale. Deretter er prisen kr 39,-/mnd. og varar til det vert sagt opp.

Dersom du ynskjer å sei opp abonnementet vil du få tilbod om å laste ned avtalane dine kostnadsfritt.

Kva kostar det å oppdatere dokumenta mine?

Du kan endre, legge til eller fjerne detaljar i dokumenta dine utan ekstra kostnad i 12 månadar frå du kjøper ei teneste.

Kven og kva er Justify?

Justify består av teknologiselskapet Justify AS og Justify Advokatfirma AS.

Er kommunikasjonen min med Justify heilt privat?

Ja, Justify er underlagt teieplikt og følgjer Advokatforeninga sine reglar for god advokatskikk.

Meir informasjon om Justify

På Justify sine nettsider finn du meir informasjon og fleire ofte stilte spørsmål og svar.

Klikk her for å lese meir om Justify

Lene Fuhr Sandvik

Treng du hjelp eller råd?

– Juridiske avtalar på nett til folk flest, på ein enkel og forståeleg måte til ein overkommeleg pris.

Justify

Me ynskjer di tilbakemelding!