Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / BankID / BankID på mobil

BankID på mobil

BankID på mobil blir gradvis fasa ut etter 1. september 2022 til fordel for BankID-app. Merk at endringa ikkje påverkar kodebrikka di, du kan framleis nytte denne som tidlegare.

Gradvis utfasing frå 1. september

Utfasinga vil starte frå og med 1. september 2022. Du vil likevel kunne nytte BankID på mobil ei tid framover, men etter 1. september vil du ikkje lengre kunne bestille eller fornye din BankID på Mobil dersom du

  • mistar mobilen eller får nytt telefonabonnement
  • endrar namnet ditt i Folkeregisteret
  • av ulike årsaker får din BankID på Mobil sperra

Utfasing av BankID på Mobil skal skje gradvis for å gje brukarane så god overgang som mogleg. Det er ikkje satt ein endeleg dato for når BankID på mobil sluttar å fungere.

Her kan du lese meir om kvifor BankID på mobil blir erstatta med BankID-app.

Alle BankID-brukarar kan laste ned BankID-app som mobilt alternativ til kodebrikke i staden for BankID på mobil.

Ofte stilte spørsmål og svar

Korleis får eg BankID på mobil

Frå 1. september 2022 er det ikkje lengre mogleg å bestille/fornye din BankID på Mobil.

Som alternativ kan du nytte kodebrikka di eller ta i bruk BankID-appen. Les meir om BankID-appen her.

Lurar du på om du har ein aktiv BankID på Mobil-avtale? Gå til nettbanken, trykk på meny og vel BankID/BankID på Mobil. Her vil du sjå om du har aktive avtalar for BankID eller BankID på Mobil.

Korleis sperrar eg min BankID?

Har du mistanke om at passord, kodebrikke og/eller telefon med BankID på mobil eller BankID-app er på avvege, skal BankID sperrast så snart som råd.

Les meir her om sperre kort, BankID og andre tenester.

Eg har gløymt min ID PIN for BankID på mobil, kva skal eg gjere?

Du må i slike tilfelle ha kodebrikke eller BankID app for å logge deg inn i Nettbanken og bestille ny BankID på mobil.

Frå 1. september 2022 er det ikkje mogleg å bestille ny BankID på mobil. Som alternativ til BankID på mobil kan du nytte kodebrikke eller BankID-app.

Her kan du lese meir om og laste ned BankID-appen.

Kan eg kaste kodebrikka når eg har BankID-app?

Nei, i enkelte tilfeller kan du få bruk for kodebrikka, så ta godt vare på den!

Skal du til dømes laste ned BankID-appen på ein ny telefon, må du ofte også logge inn med BankID og kodebrikke for å aktivere appen på nytt. 

Kva vil det koste meg å bruke BankID?

Å bruke vanleg BankID med kodebrikke eller app er heilt gratis.

Nokre teleoperatører tek betalt for BankID på mobil, fordi denne tenesta er knytt til SIM-kortet på mobilen din.

Kva gjer eg dersom andre har fått tak i passordet eller kodebrikka mi?

Har du mistanke om at passord eller kodebrikke er på avvege, skal BankID sperrast.

Les meir her om sperre kort, BankID og andre tenester.

Eg har fått nytt SIM-kort, treng eg ny BankID på mobil?

Ja, men frå 1. september 2022 er det ikkje lengre mogleg å bestille ny BankID på mobil.

Som alternativ kan du nytte kodebrikke eller BankID-appen.

Les meir om BankID-appen her.

Kva gjer eg om eg mistar mobilen når eg har BankID på mobil?

I slike tilfeller bør du sperre din BankID på mobil.

Les meir her om å sperre kort, BankID og andre tenester.

Du kan sperre BankID på mobil ved å logge deg inn i nettbanken. I tillegg bør du normalt ringe teleoperatøren din og sperre SIM-kortet. Når eit SIM-kort er sperra vil BankID på mobil også automatisk bli sperra.

Frå 1. september 2022 er det ikkje lengre mogleg å bestille ny BankID på mobil. Som alternativ kan du nytte kodebrikke eller BankID-app.

Kva er signering med BankID på mobil?

Det er i praksis det same som signering med BankID. Du kan signere enkle avtalar, dokument og kontraktar med BankID på mobil, og du kan signere når du handlar varer og tenester på nett.

Du brukar det same som når du loggar inn i nettbanken din; først Mobilnummer og fødselsdato, og til slutt må du taste inn ditt eige personlege passord (det du valde då du starta med BankID på mobil).

Kva er eSignering? og korleis brukar eg det?

Signering er elektronisk signering av avtalar, kan brukast med BankID og BankID på mobil.

Innlogging:
– Vel eSignering under Logg inn
– fødselsnummer
– Klikk på Identifisering
– Vel aktuell metode
– Føl instruksjonane vidare

NB: Ved bruk av BankID på mobil – føl instruksjonane på mobilen.

Ver merksam på at det personlege passordet du får beskjed om å tasta inn er det du brukar på din vanlege BankID.

Du finn meir informasjon og fleire ofte stilte spørsmål om BankID her.

Me ynskjer di tilbakemelding!