Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Difor blir BankID på mobil erstatta med BankID-app
Kodebrikke til BankID og en telefon med BankID-app. Foto

Difor blir BankID på mobil erstatta med BankID-app

BankID på mobil blir gradvis fasa ut til fordel for app. Last ned appen så får du ein raskare og betre BankID.

Merk at kodebrikka di ikkje vil bli påverka av overgangen til BankID-app. Kodebrikka vil fungere på samme måte som tidlegare.

Gradvis utfasing frå 1. september

Utfasing av BankID på mobil skal skje gradvis for å gje brukarane ein så god overgang som mogleg. Det er ikkje sett ein endeleg dato for når BankID på mobil sluttar å fungere.

Utfasinga vil starte frå og med 1. september 2022. Du vil likevel kunne nytte BankID på mobil ei tid framover, men etter 1. september vil du ikkje lenger kunne bestille eller fornye din BankID på mobil dersom du

  • mistar mobilen eller får nytt telefonabonnement
  • endrar namnet ditt i Folkeregisteret
  • av ulike årsaker får din BankID på mobil sperra

Alle BankID-brukarar kan laste ned BankID-app som mobilt alternativ til kodebrikke i staden for BankID på mobil.

Enno betre BankID – Frå 30 til 10 sekundar

I dag vil ein typisk bruke rundt 30 sekundar på ei innlogging med BankID på mobil. Med den nye app-innlogginga tek dette kun 10 sekundar!

Over ein million nordmenn har allereie gått over til å bruke app til fordel for BankID på mobil. Appen gjer ein raskare og meir saumlaus brukaroppleving.

I første versjon brukar du ditt personlege passord, men i løpet av hausten vil du kunne identifisere deg sjølv via ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode.

Ny og meir stabil teknologi

Ein anna grunn til at BankID på mobil fasast ut til fordel for app er at det kjem nye reguleringar frå EU som krev at løysinga moderniserast. BankID på mobil er basert på ein eldre teknologi, som er avhengig av et fysisk SIM-kort i telefonen for å fungere. Innlogginga er knytt opp mot SMS-tenesta på mobilen som gjer at du får opp kodeord som til dømes «FØLSOM SKATER». Dette krev både data- og telesamband på mobilen, BankID-appen krev kun datasamband og vil gje ei enno meir stabil teneste.

Det at BankID på mobil-løysinga i dag er knytt opp mot SIM-kortet i mobilen, betyr også at når brukarar av BankID på mobil anten mistar mobilen eller må bytte abonnement så må BankID på mobil aktiverast på nytt. Dersom det skjer etter 1. september i år, vil du ikkje få fornya din BankID på mobil. Du må då ta i bruk appen for digital autentisering og signering.

Mange kundar tykkjer også det har vore krevjande å ta i bruk og fornye BankID på mobil. Det er ein av grunnane til at denne løysinga har langt færre brukarar enn vanleg BankID. BankID-appen er eit enklare alternativ på mobil.

BankID-appen i en hånd med kodebrikken bak. Illustrasjon

Kva vil endre seg?

Når du har lasta ned og aktivert BankID-appen på mobilen din, vil du kunne autentisere deg på samme måte som du tidlegare har gjort med BankID på mobil. Då vil du motta ein push-melding frå appen der du stadfestar at det er du som ynskjer å bruke BankID, før du stadfestar innlogginga med BankID-passordet ditt.

Du vil kunne logge deg inn gjennom anten ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN dersom dette er aktivert på din telefon. Desse innloggingsmetodane vil bli tilgjengelege i løpet av hausten 2022.

Ved signering av avtalar og situasjonar som krev ekstra sikkerheit, må du framleis bruke passordet ditt i framtida. Difor er det viktig at du også hugsar passordet ditt.

Det kan vere lurt å sjekke om du har ein aktiv BankID før du går i gang med appen. Gå til nettbanken din og vel BankID i hovudmenyen. Der kan du sjå om du har ein aktiv avtale for BankID, kontakt oss dersom du har problem med å bestille BankID.

BankID-appen, som vart lansert i 2020, vil gjere oss betre rusta til å henge med i framtidas teknologiutvikling, og me er trygge på at de vil sette pris på den nye løysinga når de tek den i bruk. I tillegg vil den fysiske kodebrikka bestå for dei som ikkje kan bruke eit mobilt alternativ for BankID.

Ofte stilte spørsmål

Slik kjem du i gang med BankID-appen

Du treng først ei avtale om BankID for å nytte deg av denne appen.

  • Last ned BankID-app for iPhone eller Android. Du må ha IOS 11 / Android 6 eller nyare.
  • Aktiver appen. Du vel sjølv om du vil aktivere med BankID, BankID på mobil eller kodar tilsendt på SMS og E-post
  • Tillat varslingar. Dersom du tillèt varslingar, blir det enklare når du brukar BankID.
  • Merk at appen kan kun brukast på ein telefon/eining om gangen.

Første gang etter aktivering må du velje appen som metode. Du kan alltid endre dette seinare under valet «Vel annan BankID».

Slik loggar du inn med BankID-app

1. Vel BankID, ikkje BankID på mobil, og skriv inn ditt fødselsnummer.

2. Vel BankID-app som metode

3. Godkjenn varsel på telefonen, «Ja, det er meg».

4. Avslutt ved å skrive inn ditt BankID-passord.

I løpet av hausten vil det bli mogleg å logge inn ved å bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode.

Tips:

  • Første gang etter aktivering må du velje appen som metode. Du kan alltid endre dette seinare under valet «Vel annan BankID».
  • Har du ein iOS-eining kan du godkjenne ved å gjere eit «longpress»/halde inne varselet. Då kjem vala «Ja, det er meg» og «Nei, avvis» opp.
Eg har gløymt BankID-passordet, kva gjer eg?
  • Du kan opprette nytt passord sjølv ved å:
    • Gå til innlogging i nettbanken, velje BankID som metode og trykke på «Gløymt passord».
    • Identifiser deg via kontrollspørsmål eller BankID på Mobil
    • Opprett nytt personleg passord.
Korleis får eg BankID?

Har du nettbank med kodebrikke frå før så kan du enkelt bestille BankID sjølv.

Logg deg inn i nettbanken din, vel BankID i hovudmeny og trykk «Bestill BankID».

Bestilling av BankID krev på førehand at:

  • Du har legitimert deg med pass i banken.
  • Du står som kontoeigar på minimum ein konto i banken.

Ta kontakt med oss om du treng hjelp med oppretting av BankID.

Kva er BankID?

BankID er legitimasjon din på nett. Ved personleg oppmøte brukar du pass for å legitimere deg.  På nett brukar du elektronisk legitimasjon til identifisering og signering.  BankID gir deg ein trygg, sikker og enkel elektronisk ID som kan brukast til mellom anna innlogging i nettbanken og mange andre offentlege aktørar.

Les meir om BankID her og på BankID sine nettsider her.

Her kan du lese meir om BankID-appen og finne fleire ofte stilte spørsmål

Me ynskjer di tilbakemelding!