BankID-app
BankID-appen er like trygg som ei fysisk kodebrikke og er gratis å bruke.
Raskt og enkelt
BankID-appen er raskare og enklare enn BankID med kodebrikke og BankID på Mobil.
Mobil kodebrikke
Du slepp å bære rundt på kodebrikka dersom du har BankID-app. I staden vil du få opp eit varsel på mobilen din.
Gratis
BankID-app er gratis å bruke for alle.
Smidigare BankID-oppleving med raskare innlogging
No kan du logge på med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kodeKom i gang med BankID-app
Når du har lasta ned BankID-appen må du aktivere denne. Du kan aktivere appen på fleire måtar:
- BankID og kodebrikke – sjå rettleiing
- BankID på mobil – sjå rettleiing
- Kodar på SMS og e-post – sjå rettleiing
Når du har lasta ned og installert appen, trykk på valget «Min BankID» nede på skjermen og føl aktiviseringstrinna og rettleiinga.
Merk at banken enno ikkje støttar tilleggsfunksjonen «ID-sjekk». Me sender difor ikkje ut tilhøyrande QR-kodar.
Det er ein fordel å tillate varslingar på telefonen din, slik at du raskt får godkjent førespurnader om innlogging, transaksjonar eller signeringar frå appen.
Første gang du brukar BankID-appen eller ved bruk i ny nettlesar, klikk på «BankID» og «Vel annan BankID» for å nytte BankID-appen.
Treng du hjelp med BankID?
Kan eg kaste kodebrikka når eg får BankID-app?
Nei, sjølv om du kan klare deg med BankID-app i det daglege, er det viktig å ha kodebrikka i bakhånd. Skal du laste ned BankID-appen på ein ny telefon, må du også logge inn med BankID og kodebrikke for å aktivere appen på nytt.
Det blir jobba med forenkling av BankID, kodebrikke og passord, slik at du i framtida ikkje lenger vil trenge kodebrikke.
Difor blir BankID på mobil erstatta med BankID-app
Her kan du lese meir om kvifor BankID på mobil forsvinnOfte stilte spørsmål
Slik kjem du i gang med BankID-appen
Du treng først ei avtale om BankID for å nytte deg av denne appen.
- Last ned BankID-app for iPhone eller Android. Du må ha IOS 11 / Android 6 eller nyare.
- Aktiver appen. Du vel sjølv om du vil aktivere med BankID, BankID på mobil eller kodar tilsendt på SMS og E-post
- Tillat varslingar. Dersom du tillèt varslingar, blir det enklare når du brukar BankID.
- Merk at appen kan kun brukast på ein telefon/eining om gangen.
Første gang etter aktivering må du velje appen som metode. Du kan alltid endre dette seinare under valet «Vel annan BankID».
Slik loggar du inn med BankID-app
1. Vel BankID, ikkje BankID på mobil, og skriv inn ditt fødselsnummer.
2. Vel BankID-app som metode
3. Godkjenn varsel på telefonen, «Ja, det er meg».
4. Avslutt ved å skrive inn ditt BankID-passord.
I løpet av hausten vil det bli mogleg å logge inn ved å bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode.
Tips:
- Første gang etter aktivering må du velje appen som metode. Du kan alltid endre dette seinare under valet «Vel annan BankID».
- Har du ein iOS-eining kan du godkjenne ved å gjere eit «longpress»/halde inne varselet. Då kjem vala «Ja, det er meg» og «Nei, avvis» opp.
Eg har gløymt BankID-passordet, kva gjer eg?
- Du kan opprette nytt passord sjølv ved å:
- Gå til innlogging i nettbanken, velje BankID som metode og trykke på «Gløymt passord».
- Identifiser deg via kontrollspørsmål eller BankID på Mobil
- Opprett nytt personleg passord.
- Du kan også ta kontakt med oss i banken så hjelper me deg med nytt passord.
Korleis sperrar eg min BankID?
Har du mistanke om at passord, kodebrikke og/eller telefon med BankID på mobil eller BankID-app er på avvege, skal BankID sperrast så snart som råd.
Kan barn eller ungdom få BankID?
Me tilbyr BankID også for kundar mellom 13 og 18 år.
For å få BankID må foreldre/verge godkjenne bestillinga.
Kan eg kaste kodebrikka når eg har BankID-app?
Nei, i enkelte tilfeller kan du få bruk for kodebrikka, så ta godt vare på den!
Skal du til dømes laste ned BankID-appen på ein ny telefon, må du også logge inn med BankID og kodebrikke for å aktivere appen på nytt. Merk at det finst ein måte å aktivere appen på utan kodebrikke: Slik kan du aktivere app på ny telefon utan kodebrikke
Eg får ikkje opp BankID-app som eit alternativ
Du må velje BankID og ikkje BankID på mobil når du skal logge inn med app.
Når du loggar inn første gang med app, vel du app som metode: klikk på «Velg annen BankID» under feltet for eingangskode. Så vel du ønska kodeapp i lista, trykker deg vidare og føl instruksjonane på mobilen din.
Slik flyttar du BankID-app til ny telefon
Dersom du har BankID-app treng du ikkje kodebrikka for å aktivere app når du byttar telefon. Du kan enkelt ordne dette utan kodebrikka slik:
1. Last opp BankID-app på ny telefon.
2. Aktivér BankID-app på ny telefon med BankID-appen på din gamle telefon. Vel «Kodebrikke» når du skal aktivere, og hugs at du må ha internett på begge telefonane.
3. No er BankID-appen klar på din nye telefon.
Kan eg ha BankID-appen aktiv på fleire einingar? (mobil og nettbrett)
Av omsyn til sikkerheit så støttar BankID-appen kun ei eining (telefon, nettbrett) om gangen, og appen blir kun knytt til ein person sin BankID.
Dersom du aktiverer appen på ei ny eining så vil BankID-appen på den forrige eininga bli deaktivert.
Kva vil det koste meg å bruke BankID?
Å bruke vanleg BankID med kodebrikke eller app er heilt gratis.
Nokre teleoperatører tek betalt for BankID på mobil, fordi denne tenesta er knytt til SIM-kortet på mobilen din.
Kan eg aktivere BankID-app med utenlandsk mobilabonnement?
Nei, du må ha eit norsk mobilnummer for å aktivere appen.
Appen gir null respons etter at eg har fylt ut fødselsnummer
Mest sannsynleg er varslingar slått av på mobilen din.
Opne BankID-appen og slå på varslingar ved å trykke på meldingen som ligg på heim-skjermen. Då får du ein snarveg inn i appen kvar gang du skal godkjenne ein forespørsel.
Kva gjer eg dersom andre har fått tak i passordet eller kodebrikka mi?
Har du mistanke om at passord eller kodebrikke er på avvege, skal BankID sperrast.
Du finn meir informasjon og fleire ofte stilte spørsmål om BankID her.