Gå til sideinnhold

BankID

Hvit BankID-logo på lilla bakgrunn. Illustrasjon

BankID er ein personleg, elektronisk legitimasjon. Denne gjer at du trygt kan identifisere deg og signere avtalar på nettet.

Innlogging

BankID kan du nytte til å logge inn i nettbanken og offentlege portalar som Altinn, Skatteetaten og NAV.

Signering av avtalar

BankID kan du nytte til å signere avtalar på nettet. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur.

Trygg netthandel

BankID sikrar at du er eigaren av kortet som vert brukt til netthandel.

Opprette BankID

Har du nettbank med kodebrikke frå før så kan du enkelt bestille Bank ID sjølv.

På førehand må du ha legitimert deg med pass i banken. Ta kontakt med oss om du treng hjelp med oppretting av BankID.

BankID for deg mellom 13 og 18 år

Me tilbyr også BankID for kundar mellom 13 og 18 år. I desse tilfella må foreldre/verge godkjenne bestillinga av BankID. Ta kontakt med vårt kundesenter for å komme i gang.

BankID-app

Når du skal nytte BankID så brukar du eingangskode frå kodebrikka du har til nettbanken din. I staden for kodebrikka, kan du også nytte BankID-app.

En person signerer elektronisk en avtale med BankID-app på telefonen. Foto

3 råd om sikker bruk av BankID

Klikk her for å lese meir
Eldre par går langs en grusvei. Foto

Ikkje bli «finansministar» til nokon du er glad i, bli heller disponent.

BankID er privat og skal ikkje delast med andre.

Klikk her for å lese meir

Dette lurer mange på om BankID

Kva er BankID?

BankID er legitimasjon din på nett. Ved personleg oppmøte brukar du pass for å legitimere deg.  På nett brukar du elektronisk legitimasjon til identifisering og signering.  BankID gir deg ein trygg, sikker og enkel elektronisk ID som kan brukast til mellom anna innlogging i nettbanken og mange andre offentlege aktørar.

Les meir om BankID her og på BankID sine nettsider her.

Korleis får eg BankID?

Har du nettbank med kodebrikke frå før så kan du enkelt bestille BankID sjølv.

Logg deg inn i nettbanken din, vel BankID i hovudmeny og trykk «Bestill BankID».

Bestilling av BankID krev på førehand at:

  • Du har legitimert deg med pass i banken.
  • Du står som kontoeigar på minimum ein konto i banken.

Ta kontakt med oss om du treng hjelp med oppretting av BankID.

Eg har gløymt BankID-passordet, kva gjer eg?
  • Du kan opprette nytt passord sjølv ved å:
    • Gå til innlogging i nettbanken, velje BankID som metode og trykke på «Gløymt passord»
    • Identifiser deg via kontrollspørsmål
    • Opprett nytt personleg passord

Eg har aktivert biometri, men blir framleis spurt om BankID-passord

BankID med biometri (ansiktsgjenkjenning eller fingeravtrykk) vil bli tilgjengeleg hos fleire og fleire brukarstadar i tida framover. Medan utrullinga pågår, må du framleis i mange tilfeller bruke passord.

Der det er behov for høgt sikkerheitsnivå, så må du i framtida også alltid bruke BankID-passordet. Typisk er dette når du skal sjekke helseopplysningar, signere lånedokument eller handle for eit større beløp. I desse tilfella er det ikkje tilstrekkeleg med BankID biometri.

Det er opp til den enkelte brukarstaden å velje kva for sikkerheitsnivå dei ynskjer å ta krevje, og kva innloggingsmetodar som skal vere tilgjengeleg for deg.

Korleis sperrar eg min BankID?

Har du mistanke om at passord, kodebrikke og/eller telefon med BankID-app er på avvege, skal BankID sperrast så snart som råd.

Les meir her om sperre kort, BankID og andre tenester.

Kva bør eg gjere dersom telefonen blir stjåle?

Kontakt banken eller sperretjenesta for å sperre BankID-appen (og biometri).

Aktiver deretter BankID-appen på ny eining med kodebrikka di.

Kan barn eller ungdom få BankID?

Me tilbyr BankID også for kundar mellom 13 og 18 år.

For å få BankID må foreldre/verge godkjenne bestillinga.

Ta kontakt med vårt kundesenter for å komme i gang

Kan eg kaste kodebrikka når eg har BankID-app?

Nei, i enkelte tilfeller kan du få bruk for kodebrikka, så ta godt vare på den!

Skal du til dømes laste ned BankID-appen på ein ny telefon, må du ofte også logge inn med BankID og kodebrikke for å aktivere appen på nytt. Du treng kodebrikka også for å logge inn i nettbanken utan BankID.

Korleis veit eg om eg har BankID?

Sjekk om du har avtale om BankID:

  • Logg inn i nettbanken din, gå i hovudmeny og vel BankID. Her vil det stå om du har ei aktiv BankID-avtale.

Merk at ei kodebrikke til nettbanken er ikkje det same som BankID. Ei avtale om BankID må du bestille i tillegg til avtale om nettbank.

Ein BankID har fleire bruksområder enn innlogging til nettbank. Du kan også nytte den til å logge deg inn i offentlege portalar. I tillegg kan du signere avtalar elektronisk.

Er det trygt å bruke BankID og BankID Biometri?

Ja, det er veldig sikkert å bruke to-faktor autentisering med BankID. Det er svært viktig at du held passord og kodar frå kodebrikke/app hemmeleg for alle.

Har du aktivert BankID med biometri og PIN-kode, må du sørge for at du er den einaste med tilgang til eininga. Har fleire i husstanden lagt inn finger eller ansiktsgjenkjenning på eininga, må du fjerne deira biometri-tilgang før du aktiverer BankID med biometri. Sett også ny PIN-kode dersom du veit at fleire kjenner til koden din.

Les også våre 3 råd til sikker bruk av BankID.

Kva vil det koste meg å bruke BankID?

Å bruke BankID med kodebrikke eller app er heilt gratis.

Korleis skrur eg av BankID med biometri?

For å deaktivere biometri i BankID-appen må du kontakte banken.

Dersom du kun skrur av ansiktsgjenkjenning/fingeravtrykk på telefonen vil BankID med biometri framleis fungere, men kun med PIN-kode. Dette er ikkje nok for å deaktivere/Sperre BankID med ansiktsgjenkjenning/fingeravtrykk på, det må du gjere ved å kontakte oss.

Kva om nokon andre har tilgang på min mobil/nettbrett?

Om du gir andre tilgang via PIN-kode eller biometri til mobilen/nettbrettet ditt, så vil dei også kunne opptre på vegne av deg.

Deler du telefon eller ei anna eining med nokon, bør du vere ekstra varsom og alltid bruke BankID med passord (ikkje BankID med biometri).

Dette gjeld for mange appar der du kan betale, slik som Vipps, Apple Pay, Google Pay, Ruter etc.

Kva gjer eg dersom andre har fått tak i passord, mobil eller kodebrikka mi?

Har du mistanke om at passord, mobil eller kodebrikke er på avvege, skal BankID sperrast.

Les meir her om sperre kort, BankID og andre tenester.

Korleis endrar eg BankID-passordet mitt?

Når du brukar BankID kan du endre passordet ditt i ein innloggingsprosess.

Når du har valgt BankID som metode for innlogging, trykk på «MENY» i øvre høgre hjørne og vel «Endre Passord». Du vil så bli bedt om å legge inn fødselsnummer, sikkerheitskode og eksisterande passord. Deretter kan du lage ditt nye personlege BankID-passord.

Kan eg ha fleire BankID-ar?

Du kan få ein BankID frå alle bankar du har eit kundeforhold til. Men ein og same BankID kan brukast på tvers av bankane og andre brukarstadar, så i utgangspunktet treng du kun èin BankID.

BankID-appen er også veldig grei å laste ned og ta i bruk, men merk deg at denne kan kun aktiverast med ein av dine BankID’ar om gangen. Her finn du meir informasjon om BankID-appen.

Kva er eSignering, og korleis brukar eg det?

eSignering er elektronisk signering av avtalar og kan brukast med din BankID.

Innlogging:
– Vel eSignering under Logg inn
– fødselsnummer
– Klikk på Identifisering
– Vel aktuell metode
– Føl instruksjonane vidare

Treng eg BankID for å bruke Vipps?

Ja. For at Vipps skal kunne vite at du er deg, blir du spurt ved oppstart og ellers om å identifisere deg ved bruk av BankID.

Klikk her for å lese meir om BankID

What is BankID?

BankID is a personal and simple electronic proof of identity for secure identification and signing online.

For more information in english, please visit BankID.no

Here you will also find Terms and conditions for BankID.

BANKID-policy

BankID policy

The Trust Service Provider Statement (TSPS) beskriv banken sitt offentlege nøkkelinfrastruktur for utferding av elektroniske identitetar (eID) til sluttbrukarar for BankID, BankID på mobil og Merchant. Viss du ynskjer å lese eit forenkla dokument, kan du sjå relevante avtalevilkår (PDS) for BankID og BankID på mobil.

Du finn meir informasjon og fleire ofte stilte spørsmål om BankID her.

Me ynskjer di tilbakemelding!