Gå til sideinnhold
Heim / Sparing / Sparing for barn
Mor og barn som leker i stua

Sparing for barn

Dersom du ynskjer å sikre borna dine økonomisk i framtida er det viktig å planlegge godt. Her får du ei oversikt over gode måtar å spare til barnet ditt på. 

Kvifor skal eg spare til barn?

Sparer du til barn frå dei er små, vil sjølv mindre beløp få god tid til å vekse over mange år. Dette kan gje eit godt grunnlag når dei tek steget inn i livet som vaksen. Med god planlegging kan du hjelpe barna med den første bilen, bustaden eller gje dei anledning til å studere i utlandet.

Korleis bør eg spare til barn?

Det finst mange måtar å spare til barn på. Tidshorisonten på sparinga kan vere avgjerande for kva sparealternativ du bør velje. Skal du spare relativt kortsiktig kan ein sparekonto vere best eigna. Skal du spare langsiktig, som 7-15 år fram i tid, vil fondssparing som regel gje ei høgare avkastning.

Startar du ein månadleg spareavtale til bankkonto eller i fond vil beløpa vekse over tid. Ved å starte tidleg kan du byggje opp ein betydeleg sum til dei er vaksne, og du kan også få nytte av renters rente-effekten.

Me tilbyr ulike typar bankkontoar og ulike typar fond som du kan velje mellom. Ta gjerne kontakt med oss for rådgjeving.

Sjå korleis sparing i fond kan utvikle seg

Foto av kalkulator og skrivematerialer

Viktig å tenke over ved sparing til barn

Før du startar sparinga, er det fleire ting du bør tenke over.

Sparar du i barnet sitt namn:

  • Får vedkommande råderett over pengane når han/ho blir 18 år.
  • Kjem formuen over 2G skal statsforvaltaren vere med på å bestemme korleis sparepengane til barnet skal forvaltast.
  • Kjem formuen over 4G kan det påverke moglegheita for å motta utdanningsstipend frå Lånekassen.

Sparar du i eit av foreldra sitt namn:

  • Kan du styre når barnet får tilgang til midlane.
  • Ved skilsmisse, død eller konkurs inngår sparinga som midlar i buet.

Lær barna gode økonomiske vanar

Det er viktigare enn nokon gong å lære barna tidleg gode økonomiske vaner. Nokre tips frå oss er:

  • Start med å snakke om sparing med barna frå dei er små og forklar kvifor dette er viktig. Dei som lærer dette tidleg vil vere betre førebudd til å handtere sin eigen økonomi som vaksen.
  • Det kan vere god læring i faste lommepengar som dei sjølve må disponere over tid.
  • Å la barna få ansvar og løn for å gjere små jobbar i heimen, legg eit godt grunnlag for å kjenne til verdien av pengar.
  • Ver eit godt forbilde. Snakk gjerne med barna om korleis du prioriterer og forklar kvifor alle må gjere dette i kvardagen.
Barn står trygt blant leker i stuen. Foto

Forsikre det kjæraste du har

Les meir om Frende barneforsikring her

Me ynskjer di tilbakemelding!