Gå til sideinnhold
Heim / Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Her finn du ei oversikt over nokre av våre mest stilte spørsmål. Finn du ikkje svar på spørsmålet ditt i oversikta under?

Kontakt oss, så hjelper me deg gjerne!


BankID

Kva er BankID?

BankID er legitimasjon din på nett. Ved personleg oppmøte brukar du pass for å legitimere deg.  På nett brukar du elektronisk legitimasjon til identifisering og signering.  BankID gir deg ein trygg, sikker og enkel elektronisk ID som kan brukast til mellom anna innlogging i nettbanken og mange andre offentlege aktørar.

Les meir om BankID her og på BankID sine nettsider her.

Slik kjem du i gang med BankID-appen

Du treng først ei avtale om BankID for å nytte deg av denne appen.

  • Last ned BankID-app for iPhone eller Android. Du må ha IOS 15 / Android 8 eller nyare.
  • Aktiver appen. Du vel sjølv om du vil aktivere med kodebrikke eller norsk pass/ID-kort.
  • Tillat varslingar. Dersom du tillèt varslingar, blir det enklare når du brukar BankID.
  • Merk at appen kan kun brukast på ein telefon/eining om gangen.

Første gang etter aktivering må du velje appen som metode. Du kan alltid endre dette seinare under valet «Vel annan BankID».

Slik loggar du inn med BankID-app

1. Vel BankID og skriv inn ditt fødselsnummer.

2. Vel BankID-app som metode

3. Godkjenn varsel på telefonen, «Ja, det er meg».

4. Avslutt ved å skrive inn ditt BankID-passord.

Det er mogleg å tillate innlogging med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode.

Tips:

  • Første gang etter aktivering må du velje appen som metode. Du kan alltid endre dette seinare under valet «Vel annan BankID».
  • Har du ein iOS-eining kan du godkjenne ved å gjere eit «longpress»/halde inne varselet. Då kjem vala «Ja, det er meg» og «Nei, avvis» opp.

Eg får ikkje opp BankID-app som eit alternativ

Du må velje BankID når du skal logge inn med app.

Når du loggar inn første gang med app, vel du app som metode: under feltet for eingangskode, klikk på «Velg annen BankID». Så vel du ønska kodeapp i lista, trykker deg vidare og føl instruksjonane på mobilen din.

Eg har aktivert biometri, men blir framleis spurt om BankID-passord

BankID med biometri (ansiktsgjenkjenning eller fingeravtrykk) vil bli tilgjengeleg hos fleire og fleire brukarstadar i tida framover. Medan utrullinga pågår, må du framleis i mange tilfeller bruke passord.

Der det er behov for høgt sikkerheitsnivå, så må du i framtida også alltid bruke BankID-passordet. Typisk er dette når du skal sjekke helseopplysningar, signere lånedokument eller handle for eit større beløp. I desse tilfella er det ikkje tilstrekkeleg med BankID biometri.

Det er opp til den enkelte brukarstaden å velje kva for sikkerheitsnivå dei ynskjer å ta krevje, og kva innloggingsmetodar som skal vere tilgjengeleg for deg.

Korleis sperrar eg min BankID?

Har du mistanke om at passord, kodebrikke og/eller telefon med BankID-app er på avvege, skal BankID sperrast så snart som råd.

Les meir her om sperre kort, BankID og andre tenester.

Ikkje-digitale kundar

Kvifor skal BankID aldri delast med andre?

BankID fungerer som ei juridisk bindande signatur. Dersom du deler passord eller kodebrikke, gir du andre tilgang til identiteten din og alt som kan gjerast i ditt namn. Difor skal BankID berre brukast av deg.

Kva kan skje dersom nokon andre får tilgang til BankID-en min?

Andre kan i verste fall ta opp lån i ditt namn, pantsette bustad, gjennomføre betalingar og få tilgang til sensitiv informasjon om helse og økonomi. Slike handlingar kan få store og langvarige konsekvensar.

Kva er ein disponent, og kva slags fullmakt gir det?

Ein disponent er ein person som har fått fullmakt til å bruke ein konto på vegner av kontoeigaren. Som disponent kan du sjå saldo, betale rekningar og overføre pengar, men du brukar di eiga BankID – ikkje BankID-en til kontoeigaren.

Kvifor bør eg bruke disponentfullmakt i staden for å dele BankID?

Med disponentfullmakt kan du hjelpe, gi råd og samarbeide om økonomien på ein trygg måte, utan å dele passord eller identitet. Det gir betre kontroll, mindre risiko og sikrar at kvar person har ansvar for si eiga BankID.

Kan misbruk av BankID bli oppdaga av banken?

Ja. Bankar har system og rutinar som jamleg avdekkar uvanleg bruk og misbruk av BankID. Dersom BankID blir brukt av andre enn eigaren, kan det bli oppdag og føre til sperring inndraging av BankID, forseinkingar i banktenester og i alvorlege tilfelle økonomiske og juridiske konsekvensar for kontoeigaren.

Korleis går eg fram dersom eit familiemedlem skal hjelpe meg med banktenester?

Dersom du ønskjer hjelp med banktenester, er det viktig å gjere dette på ein trygg og ryddig måte. Du bør aldri dele BankID, passord eller kodebrikke med andre. I staden kan du gi eit familiemedlem fullmakt, til dømes disponentfullmakt, som gjer avgrensa og oversiktleg tilgang til kontoane dine. Banken kan hjelpe deg med å finne ei løysing som passar behova dine, og sikre at både du og den som hjelper deg, brukar banken sine tenester på ein trygg måte.

Brevgiro

Med brevgiro kan du betale rekningar og overføre pengar frå kontoen din til andre kontoar ved å sende inn rekningane eller giroblankettane til oss i posten. Send giroblankettar saman med signert følgjeseddel i forhåndsadressert konvolutt.

Avtalegiro

Med Avtalegiro blir dine faste rekningar betalt automatisk. Tenesta er gratis.

Telebank

Telebank, eller kontofonen, kan du ringe på telefonnummer +47 81 50 09 20. Der kan du få opplyst saldo på kontoen din, overføre pengar mellom kontoar og betale rekningar over telefon. For å få tilgang til telebanken må du først ha skrive under ein telebankavtale med oss.

Bankkort

Med eit bankkort kan du handle, sette inn og ta ut pengar frå din brukskonto. Beløpet du kjøper ei vare eller teneste for blir belasta nærast i sanntid.

Me kan bestille deg eit bankkort, dette mottek du i posten. Nokre dagar etterpå vil du også motta den tilhøyrande personlege PIN-koden. PIN-koden er ein firesifra kode du treng for å betale med kortet i butikk. Er kjøpet på under 500 kroner treng du ikkje alltid nytte PIN-koden, då treng du kun legge kortet inntil terminalen. Pass på å lære deg PIN-koden utenat, den bør ikkje ligge ved bankkortet ditt.

Kontantinnskot og -uttak

Me kan hjelpe deg med å sette inn og ta ut kontantar i våre bankfilialar. Om du har eit bankkort kan du nytte deg av minibankar over heile landet til kontantuttak. Banken har også minibankar i Gaupne og på Hafslo.

I daglegvarebutikkar får du som regel ta ut kontantar ved å bruke bankkortet og PIN-koden din. Nokre butikkar er merka med skiltet «Kontanttjenester i butikk«, og i desse butikkane kan du både ta ut og sette inn kontantar.

Kontoutskrift i posten

Som bankkunde hjå oss, kan du få kontoutskrifta di tilsendt i posten kvar månad.

Sparing

Korleis opprettar eg ein aksjesparekonto?

I nettbank:

  • Logg inn i nettbanken
  • Vel «Fond og aksjar» i menylinja. Då kjem du til ei oversikt over totalverdien på fonda og aksjane dine
  • Vel «Administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
  • I fondsportalen, vel meny og under kategorien konto finn du «Opprett ASK»

I mobilbank:

  • Logg inn i mobilbank
  • Klikk på meny øverst til venstre
  • Vel «fond og aksjar» under overskrifta «Sparing»
  • Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
  • Vel «Opprett ASK» i menyoversikta i fondsportalen
  • I fondsportalen, vel meny og så konto. Der ligg «Opprett ASK» i nedtrekksmenyen

Månadsspar

Sparing for deg som ynskjer å spare litt kvar månad til ei betre rente. Månadsspar kan fint brukast som bufferkonto. Det må alltid vere ein aktiv spareavtale tilknytta kontoen.

  • Du kan spara maksimum kr 3.000,- per månad
  • Maks kr 36.000,- per år, totalt kr 300.000,-
  • Det er ikkje tillate med eingangsinnskot
  • Inga krav til minstebeløp
  • Flytande rente på konto
  • Spareavtale og konto blir avslutta ved uttak
  • Kun ein aktiv avtale om månadsspar per kunde

Les meir om månadsspar her

ProduktRente
Månadsspar 1Maks sparebeløp kr 3000,- kvar månad3,15%

1 ) Avtale om fast sparing kvar månad, ein avtale per kunde, maks sparebeløp kr. 300 000,-. Ved uttak vert kontoen avslutta, ny spareavtale kan då opprettast.

Langtidssparekonto

Langtidssparekonto er den mest anvendelege sparekontoen vår. Du kan bruke pengane når du vil utan å tenke på uttaksbegrensningar. Mange nyttar denne som sin spare- og bufferkonto, men du kan ikkje knytte kort til denne kontotypen.

  • Uavgrensa antall uttak
  • Inga krav til minstebeløp
  • Flytande rente på konto
  • Beste rente forutset innskot over 200 000,-
  • Ingen bindingstid
ProduktRente
Langtidssparing 1Kr 0 – 200 0002,20%
over kr 200 0002,45%

1 ) Frå 8.10.22 blir det ikkje lenger rekna gebyr på uttak utover 12 uttak

Kontantinnskot og -uttak

Me kan hjelpe deg med å sette inn og ta ut kontantar i våre bankfilialar. Om du har eit bankkort kan du nytte deg av minibankar over heile landet til kontantuttak. Banken har også minibankar i Gaupne og på Hafslo.

I daglegvarebutikkar får du som regel ta ut kontantar ved å bruke bankkortet og PIN-koden din. Nokre butikkar er merka med skiltet «Kontanttjenester i butikk«, og i desse butikkane kan du både ta ut og sette inn kontantar.

Betaling

Korleis betalar eg med Apple Pay?

Du kan betale med Apple Pay i alle butikkar som aksepterer kontaktlaus betaling. Sjå etter symbolet for kontaktlaus betaling. Du kan og betale i nettbutikkar og appar som støttar Apple Pay. Sjå etter symbolet «betal med Apple Pay».

Hold telefonen tett på betalingsterminalen og godkjenn på ein av måtane under:

  • Med Face ID: Trykk 2 gonger på knappen på sida av telefonen og hold den framfor ansiktet ditt.
  • Med Touch ID: Hold fingeren din på heim-knappen.
  • Med Apple Watch: Trykk 2 gonger på sida av klokka og hold skjermen eit par cm frå betalingsterminalen. Når du kjenner ein liten vibrasjon er betalinga gjennomført.
  • Etter at betaling er gjennomført vil det stå «ferdig» på skjermen.
Kva er IBAN, og korleis finn eg mitt IBAN-kontonummer?

IBAN står for International Bank Account Number, og er ein internasjonal standard for bankkontonummer. Innanfor for EU og EØS-området må IBAN brukast ved betaling til og frå utlandet.

Ved hjelp av IBAN-kalkulator kan du finna IBAN-kontonummeret til aktuell konto.


IBAN-kontonummer finn du også på kontoutskrifta di.

Kan eg tæppe med Vipps på smartklokka mi?

Nei, det er diverre ikkje mogleg.

Kan barn aktivere Vipps tæpping?

Ja, Vipps har lansert tæpping for alle, men dei under 15 år er underlagt foreldrekontroll.

Foreldre kan skru av og på om eit barn skal kunne sjå eigen saldo, vippse og til sist tæppe. Trygt og enkelt!

Eg har fått nytt bankkort, korleis aktiverer eg det?

Det er 4 måtar å aktivere kortet på:

  • I butikk/minibank: Første gang du brukar kortet kan du sette det inn i kortterminalen og taste PIN-koden din. Du kan også aktivere bankkortet ved å bruke chip og PIN i ein minibank.
  • I mobilbank: vel i hovudmeny – kort – aktivere kort
  • I nettbank: vel kort – aktivere kort
  • Du kan også ringe banken for å få hjelp

Kvifor er ikkje bankkortet aktivert når eg får det?

Tidlegare var korta klare når dei blei sendt frå banken. Av omsyn til tryggleik må du no aktivere bankkortet før du kan nytte det til netthandel og betaling i appar.

Når korta blir sendt ikkje-aktiverte gjer me det vansklegare for uvedkommande å ta i bruk eit stole bankkort.

BSU

Eg har hatt BSU / BSU2 tidlegare som er blitt avslutta. Kan eg opprette ny?

Nei. BSU / BSU2 kan ein opprette kun ein gong i livet. Dette gjeld uansett kva føremål BSU / BSU2 vart avslutta til.

Når kan eg byrje å spare i BSU / BSU2 og kor lenge kan eg spare?

Du kan spare frå året du fyller 13 år og til og med året du fyller 33 år. BSU / BSU2 må vere oppretta før du kjøper bustad.

Kor mykje kan eg spare i BSU / BSU2?

Du kan spare maks 300.000 kr på kvar konto. Opptjente renter kjem i tillegg.

Får eg skattefordel på både BSU og BSU2?

BSU gjev skattefordel så lenge du ikkje eig bustad. Sparing i BSU2 får du ikkje skattefordel av. Det er difor lurt å spare i BSU2 dersom du ikkje har høg nok inntekt til å få utnytte skattefordelen slik at du beheld denne retten til du får inntekt og kan fylle opp BSU.

Korleis får eg skattefrådrag for BSU?

For å krevje frådrag i skatt må du hatt høg nok inntekt, skattepliktig og busett i Noreg. Banken rapporterar sparinga di direkte til Skatteetaten så dette går automatisk.

Eg har kjøpt meg bustad. Kan eg la BSU / BSU2 stå eller må eg bruke pengane?

BSU / BSU2 blir rekna som eigenkapital enten du avsluttar kontoen eller let den stå for vidare sparing. Dette er eit litt komplisert reknestykke som me vil hjelpe deg med å finne riktig svar på ut i frå lovkrava i Utlånsforskrifta.

Eg har kjøpt meg bustad. Kan eg likevel spare i BSU / BSU2?

Ja det kan du, men du mistar skattefordel på BSU. BSU / BSU2 blir då å sjå på som to sparekontoar med gode vilkår som må nyttast til bustadføremål.

Kan eg bruke BSU / BSU2 på oppussing?

BSU / BSU2 kan nyttast til kjøp av bustad, garasje eller tomt, betaling av renter og avdrag på eksisterande bustadlån og påkostningar eller vedlikehald av eigen bustad.

Kva skjer med BSU / BSU2 når eg fyller 34 år?

Kontoane kan bli ståande så lenge du ynskjer. Når du fyller 34 år blir renta på BSU / BSU2 sett lik som renta på ordinær sparekonto.

Korleis avsluttar eg BSU / BSU2?

Ta kontakt med banken for å avslutte BSU / BSU2.

Kan eg opprette BSU / BSU2 til barna mine?

Ja, det kan du. Hugs at det kan vere lurt å spare i BSU2 til barnet ditt dersom det ikkje har høg nok inntekt til å utnytte skattefordelen på BSU.

Me ynskjer di tilbakemelding!