Sjå opp for «Olga-svindel»!
Svindlarane finn stadig nye måtar å lure oss på og «Olga-svindel» er ein metode som vert meir og meir utbreidd.
Dette går ut på at svindlarane ringer eldre damer med namn som var populære for 70-80 år sidan (derav namnet «Olga-svindel»).
Svindlarane nyttar eit vanleg norsk nummer, som ikkje er registrert i 1881.
På telefonen fortel svindlarane at du har eit forbrukslån som skal utbetalast.
Om du svarar at du ikkje har søkt om noko lån seier dei at du må kontakte banken din så snart som råd slik at lånet ikkje vert utbetalt, og tilbyr seg vidare å setje deg direkte over til banken. I realiteten set dei deg over til ein anna svindlar, som ber deg om å oppgje personnummer, personleg passord og kode frå kodebrikka.
Då har svindlarane alt dei treng. Dei loggar seg så inn i nettbanken din og endrar personleg informasjon og fører pengar ut av kontoen. Dei kan også søke om forbrukslån i fleire andre bankar, i ditt namn, og få det utbetalt til sin eigen konto.
VIKTIG!!
- Dette er berre ein av mange svindelmetodar. Ver alltid på vakt!
- BankID-en din er PERSONLEG!
- Ingen bankar eller andre seriøse aktørar vil be deg om å oppgje personlege påloggingsdetaljar.
- Du må aldri oppgje påloggingsdetaljar til nokon, uansett kven som spør.
- Har du vore uheldig og er redd for at opplysningane er på avvege, må du ta kontakt med banken din straks, slik at me kan hjelpe deg vidare.
Har du foreldre/besteforeldre som kan bli utsett for dette? Ta gjerne ansvar og gjer dei merksame på denne svindelmetoden.
Dess fleire som kjenner til korleis svindlarane jobbar, dess færre blir svindla!