
Temamøte for næringslivet 2025
Det er ein tradisjon at Luster kommune og Luster Sparebank arrangerer temamøte for næringslivet i vintermånadane. Næringslivet i Luster kommune og elles i Sogn er hjarteleg velkomne!
I tillegg til interessante og aktuelle innlegg, er det eit fint høve til å møte kollegaer i næringslivet.
Grunna matservering treng me påmelding seinast to dagar før møta.
Meld deg på til leiar for bedriftsmarknad i Luster Sparebank, Torbjørn Kjørnes, på e-post [email protected] eller på telefon 57 68 23 48.
Temamøte 13. mars kl. 18:00 på Eikum Hotell
Professor i økonomi ved NTNU, Ragnar Torvik, vil snakke om dei økonomiske utsiktene globalt og nasjonalt, og korleis dette påverkar oss i Luster og Sogn.
Temamøte 13. mars kl. 18:00 på Eikum Hotell
Ny sals- og marknadssjef i Digital Etikett, Odd-Bjørn Hjelmeset, fortel om reisa frå å vere den raskaste i verda på ski til dei raskaste leveringstidene i etikettverda.
Temamøte 27. februar kl. 18:00 på Gaupnetunet
«Vasskraft og betydninga denne har for Luster»
Vasskrafta er viktig for Luster kommune. Representantar frå dei store aktørane innan vasskraft vil snakke om status og planar for sine verksemder i Luster kommune.
- Prosjektleiar Statnett, Oddbjørn Strand
- Dagleg leiar Luster Energi AS, Anders Molland
- Regionsdirektør Statkraft Energi region Midt-Norge, Kåre Hønsi
- Kraftverkssjef Hydro Energi Sogn, Per Gullaksen