Julehelsing frå banken
Eit spesielt år går mot slutten.
Alle har fått kjent på krisa heile verda har vore inne i dei siste ni månadane.
Kundane våre har ikkje vore skåna for krisa, ikkje næringslivet, og heller ikkje banken.
Men ein ting har me lært. Å stå saman når det gjeld. Saman er me sterkare.
Alt vart usikkert i mars. Korleis skulle dette gå? Det visste ingen.
Alle tilsette viste stor omstillingsevne då dei brått vart sendt på heimekontor.
Den første tida var det ikkje noko som heitte normal arbeidstid. Me er stolte over tilbakemeldingar frå kundar om at dei vart godt ivaretekne i denne perioden.
Mange kundar hadde det vanskeleg og trong vår hjelp. Då kunne me vere tilgjengeleg og stille opp med fleksibel arbeidstid.
Det var med tungt hjarte at me måtte utsetje årets gåvetildeling. Nesten 1 million kroner var klare til å betalast ut til 115 ulike frivillige lag og organisasjonar i mars. Me måtte avvente. Det var for usikre tider til å betale ut deler av overskotet vårt.
Me kom oss over kneika, og det gjekk bra med oss.
Gleda var difor stor då me i september endeleg kunne dele ut gåvene til dei frivillige organisasjonane.
Dei har hatt ei vanskeleg tid. Liten eller ingen aktivitet, ingen inntekter.
Me, og mange andre set stor pris på arbeidet dei gjer, og gåva frå oss er vel fortent.
Me har delt ut pengar til fleire prosjekt i år òg. Det gledar oss at me kan vere med på å realisere prosjekt saman med deg.
Banken sin visjon er jo nettopp «Saman når me måla dine».
Onsdag 16. desember overraska me alle dei fem korpsa i Luster kommune med ei julegåve.
Me delte ut 250.000 kr, 50.000 kr til kvart av korpsa.
Gleda dei synte er ubeskriveleg. Det er slike stunder ein må ta vare på når ting går litt i mot.
Me håpar at 2021 blir eit godt år. Me gledar oss til aktiviteten tek seg opp att, og me ser fram til at me kan feire at me kom oss gjennom ein pandemi – saman!
Med ynskje om ei god jul og eit godt nytt år!
Hald avstand, men hald saman!