Opningstider og betalingsfristar jul og nyttår 2020
Opningstider i banken:
- Julaftan samt 1., 2. og 3. juledag: Stengt
- Romjula: 10.00 – 14.00 (Hafslo ope måndag og onsdag)
- Nyttårsaftan: 10.00 – 12.00
- 1. nyttårsdag: Stengt
Betalingsfristar
Før jul
Siste frist for å registrere betaling før jul er 23.12. kl 14. Neste produksjonsdag er 28. desember.
Før nyår
For betalingar og overføringar som skal vere med på årsoppgåva for 2020 gjeld følgjande fristar:
Frist klokka 13:30
Alle betalingar ein ønskjer bokført på mottakar sin konto i 2020 må vere utførde innan klokka 13:30 på nyttårsaftan.
Gjeld føringar i nettbank, mobilbank, nettbedrift. Gjeld også straksbetalingar.
Frist klokka 21:50
Betalingar utan KID til anna konto i Luster Sparebank, eller overføring mellom eigne konti, må vere utført innan klokka 21:50 for å bli bokført i 2020. Ver merksam på at dette også gjeld overføring til BSU for å få skattefrådrag for 2020.
Frist klokka 09:00
Skal du betale til utlandet må betalingen vere utført innan klokka 09:00 på nyttårsaftan for å bli bokført ut av konto i 2020.
Tips
Det er lurt å registrere betalingar så tidleg som mogleg. Betalingar med forfallsdato 31.12. vil bli utførde på morgonen nyttårsaftan.