Sparebankveka 2020
Grunna situasjonen me er inne i med Covid-19, kan me ikkje arrangere Sparebankveka på same måte som tidlegare.
Me kan ikkje ha så mange innom i banken samstundes, og me kan ikkje reise rundt i bygdene.
Difor dreg me til med bøssetømming og overraskingar i banken over heile to månader.
Alle som deltek i Sparebankveka er med i trekninga av to iPad`ar.
"Sparebankveka 2020" - 2. november til 31. desember
De er velkomne i banken med sparegrisen alle dagar i opningstida.
Gaupne: Måndag – fredag kl. 10:00 – 15:00 (langope torsdagar til kl. 16:30)
Hafslo: Måndag, onsdag og fredag kl. 10:00 – 15:00 (langope onsdagar til kl. 15:30)
De kan også tømme sparegrisen sjølv i minbanken utanfor opningstida og komme innom i banken for å få ei overrasking og bli med i trekninga av to iPad`ar.
Me anbefalar mindre bruk av kontantar, så om du ikkje brukar sparegrisen og sparar direkte på konto i staden, får du sjølvsagt premie likevel.
Bur de langt vekke og ikkje har moglegheit til å komme innom banken, kan de sende oss ei melding om at de har spart. Då sender me ei gåve i posten og de er med i trekninga av iPad..
Hugs legitimasjon!
Styresmaktene krev at me innhentar legitimasjon på alle kundar. Dette gjeld også for born.
Ta med passet når de kjem innom oss, så skannar me det i same slengen.
Velkommen innom!
"Kva drøymer du om?
- Med eit lite fast sparebeløp kvar månad er du eit steg nærare."