Spare i aksjar
Hos oss kan du handle verdipapir på børsen med mogelegheit for høg avkastning.
Kva er aksjar?
Ein aksje er ein eigarandel i eit aksjeselskap. Det betyr at når ein kjøper ein aksje blir ein medeigar av selskapet ein investerer i med alle dei rettigheitane det inneber.
Eit aksjeselskap har ein visst antal aksjar totalt, der kvar enkelt aksje har same verdi. Dess fleire aksjar ein har i eit selskap dess høgare eigarandel har ein i selskapet.
På børsen blir aksjar kjøpt og selt mellom investorar. Det betyr at dersom ein kjøper ein aksje kjøper du denne frå andre som tidlegare har investert i selskapet og som ikkje lenger ynskjer å sitte på aksjen.
Om sparing i aksjar
Sparar du i aksjar må du sjølv velgje ut dei aksjane du meinar kan gje deg mest mogeleg avkastning. Det kan vere tidkrevjande og ein må ha god kunnskap om dei enkelte aksjeselskapa. Sparing i aksjar har også ein betydeleg risiko, og for å oppnå same risikospreiing som i eit aksjefond må ein investere i mange ulike aksjar.
Med risiko meinar ein i aksjemarknaden at verdiane kan svinge. Har ein aksje høg risiko betyr det at verdien på aksjen kan svinge mykje. Med låg risiko betyr det at verdien er meir stabil.
Ved å spare i aksjar slepp du unna dei årlege forvaltningskostnadane med unntak av handelsavgifta ved kjøp eller salg av aksjen.
Dersom du har kunnskap om aksjemarknaden kan aksjehandel vere noko for deg. Dersom du har mindre kunnskap om dette anbefalar me å spare i fond.
Aksjehandel gjennom nettbanken
Via nettbanken vår tilbyr me ei komplett løysing for aksjehandel for deg som vil handle aksjar og ha full oversikt over verdiutviklinga på portefølja di.
Du får tilgang til å handle noterte og unoterte verdipapir i den norske marknaden. Du bestemmer sjølv om du kun ynskjer aksjehandel på nett, med meglar eller ved ein kombinasjon av desse to. Aksjesparekonto får du kostnadsfritt.
Me nyttar Norne Securities AS som samarbeidspartnar for nettbasert og manuell aksjehandel.
Aksjesparekonto (ASK)
Når du sparar i aksjefond eller aksjar kan du velje mellom å samle dei på ein vanleg fondskonto eller i ein aksjesparekonto.
Ein aksjesparekonto er gratis, og gir deg moglegheit til å kjøpe og selje aksjar og aksjefond utan å betale skatt. Skatten betalar du først når du tek gevinsten ut av kontoen. Du opprettar enkelt aksjesparekonto via fondsportalen.
Snakk med oss om aksjar!
Ofte stilte spørsmål
Eg har ikkje handla aksjar før, korleis registrerer eg meg?
- Logg deg på Nettbanken
- Vel «fond og aksjar» i menylinja
- Vel «Gå vidare til fondsportalen»
- Bli Kunde – Registrer deg
- På «Min side», etter at kundeforholdet er registrert, vel du «Aksjehandel» øvst på sida
Når kundeforholdet er oppretta får du ein e-post.
Me gjer merksam på at innføring av skatteopplysningsavtale med USA (FATCA) har ført til at me ikkje tilbyr investeringstenester til amerikanske statsborgarar eller personar skattemessig busette i USA.
Korleis opprettar eg ein aksjesparekonto?
I nettbank:
- Logg inn i nettbanken
- Vel «Fond og aksjar» i menylinja. Då kjem du til ei oversikt over totalverdien på fonda og aksjane dine
- Vel «Administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
- I fondsportalen, vel meny og under kategorien konto finn du «Opprett ASK»
I mobilbank:
- Logg inn i mobilbank
- Klikk på meny øverst til venstre
- Vel «fond og aksjar» under overskrifta «Sparing»
- Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
- Vel «Opprett ASK» i menyoversikta i fondsportalen
- I fondsportalen, vel meny og så konto. Der ligg «Opprett ASK» i nedtrekksmenyen