Gå til sideinnhold
Heim / Sikkerheit / Ver på vakt mot svindel
Kvinne står ute en mørk kveld med mobil i hendene. Foto

Ver på vakt mot svindel

Det er framleis stor aktivitet knytt til svindel og svindelforsøk, og metodane er i stadig endring. Me oppmodar deg om å vere kritisk til uventa førespurnader.

Luster Sparebank ønskjer å gjere kundane våre merksame på at det framleis er stor aktivitet knytt til svindel og svindelforsøk. Svindlarane nyttar både gamle og nye framgangsmåtar og metodar.

Advarar mot svindel knytt til gullinvesteringar

I ein ny artikkel presenterer Finans Norge tre aktuelle svindelmetodar, som den siste tida har råka både privatpersonar og bedrifter:

1. Lurt til å kjøpe og overlevere gull

Det har vore fleire tilfelle der folk har blitt lurte til å kjøpe gull for store summar og leggje det frå seg i skogen, slik at svindlarane kan hente det. Ver svært skeptisk dersom nokon ber deg kjøpe og overlevere gull eller andre verdiar som del av ei investering.

2. Svindlar tilsette med tilgong til bedfriftskonto

Fleire bedrifter har tapt store summar etter målretta svindel mot tilsette med tilgang til bedrifta sin bankkonto. Svindlarane tek gjerne kontakt på SMS eller e-post før dei ringjer og gir seg ut for å vere banken, eller ein annan aktør du stolar på.

3. Lokkar med falsk gåve frå «Lyko»

Det har vore mange svindelforsøk der svindlarar gir seg ut for å vere Lyko og lokkar med ei falsk gåve. Ikkje klikk på lenkjer eller oppgje informasjon dersom du får ei slik melding.

Gode råd for å unngå å bli svindla

Sjå kva du kan gjere for å unngå svindel, og korleis du bør gå fram dersom du mistenkjer at du har blitt svindla.

En kvinne med rosa neglelakk skriver på sin mobil. Foto

Me ynskjer di tilbakemelding!