Smidigare BankID-oppleving med raskare innlogging
No blir BankID-opplevinga enno betre, då du stadig fleire plassar kan logge inn ved å bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode i BankID-appen.
1 500 000 brukarar er allereie i gang med å bruke BankID-appen, som etter kvart skal erstatte BankID på mobil.
No skal brukaropplevinga bli enno betre, når biometri lanserast i appen. Det betyr at du på fleire brukarstader kan bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode når du loggar på med BankID-appen. Medan ei innlogging med BankID på mobil tek rundt 30 sekund, vil det ta under 10 sekund å logge inn med BankID- appen.
Raskare BankID vil bli meir om meir utbreidd med tida, og ambisjonen er at du i framtida skal kunne bruke innlogging med ansikt, finger eller PIN-kode i dei aller fleste tilfella. Dette vil med andre ord i stor grad erstatte dagens bruk av passord i appen. Passord må kun nyttast ved større transaksjonar og eSigneringar, til dømes når du skal signere lånedokument.
Utrullinga av raskare BankID vil skje gradvis, og brukarane vil oppleve at dei må bruke passordet sitt i mange tilfelle ei god stund framover. Det er heller ikkje eit krav å nytte den nye tenesta, men det vert anbefalt fordi det gir ei enno betre og raskare brukaroppleving.
Slik aktiverer du ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN i BankID-appen:
For nye app-brukarar:
- Last ned BankID-appen.
- Som ny brukar vil du kunne aktivere BankID med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN når du aktiverer appen.
- Følg instruksane i appen for å aktivere raskare BankID.
- Dersom du ikkje får aktivert BankID med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN ved å følgje stega over, bør du sjekke at dette er aktivert på sjølve eininga du brukar. Dette kan du sjå under innstillingar på eininga.
For dei som allereie har teke i bruk appen:
- Opne BankID-appen og trukk på «Min BankID» i menyen nedst på sida.
- Følg instruksane i appen for å aktivere raskare BankID.
- Dersom du ikkje får aktivert BankID med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN ved å følgje stega over, bør du sjekke at dette er aktivert på sjølve eininga du brukar. Dette kan du sjå under innstillingar på eininga.
Hugs at du ikkje må aktivere BankID med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN på ei eining du deler med andre.
Lag ny PIN-kode dersom du veit at fleire kjenner til koden som blir brukt på telefonen/nettbrettet.