No kjem skattemeldinga!
Skattemeldinga blir no sendt ut løpande, og du får ei melding frå Skatteetaten så snart di er klar.
Hugs at Skatteetaten ikkje sender ut ei lenkje du skal klikke på!
Logg deg direkte inn via Skatteetaten sine nettsider ved å bruke BankID eller MinID.
Ver obs på svindelforsøk
Svindelforsøk blir stadig meir avanserte og truverdige. I samband med skattemeldinga aukar svindlarar aktiviteten sin med falske e-postar og sms-ar, der dei utgir seg for å vere Skatteetaten.
Typiske kjenneteikn på svindel kan vere:
- Meldingar om pengar til gode, der du blir bedt om å klikke på ei lenke for å registrere kontonummer
- Beskjed om at skattemeldinga manglar eller er feil, med truslar om du ikkje oppdaterer opplysningane umiddelbart
- Lenker til kopiar av innloggingssider i Altinn eller Skatteetaten
- Dårleg språk og unaturlege formuleringar
Slik unngår du å bli svindla
- Hugs at Skatteetaten og banken aldri ber om BankID, passord eller kortopplysningar via e-post eller SMS.
- Aldri klikk på lenker i e-post og sms, men logg deg inn direkte på skatteetaten.no eller Altinn.no
- Sjekk avsendar og ver kritisk.
Dette bør du sjå etter i Skattemeldinga
Skattemeldinga di er førehandsutfylt, men det er viktig at du sjekkar om opplysningane er rette.
Rentefrådrag
- Du skal få att 22% av det du har betalt i renter. Sjekk at beløpet er rett og at fordelinga stemmer mellom deg og den du har lån i lag med.
- Rentefrådraget er no fordelt likt mellom låntakarane. Korleis de kan endre fordelinga, kan de lese meir om her.
- Sjekk at likningsverdien er fordelt rett i forhold til eigarbrøk. Dette er spesielt viktig dersom de er sambuarar.
Frådrag for BSU
- Når du sparar i BSU får du 10% skattefrådrag av det du har spart på BSU-kontoen. Sjekk at beløpet og frådraget er rett.
Foreldrefrådrag
- Dersom du har barn under 12 år i barnehage, SFO eller dagmamma, har du rett på foreldrefrådrag.
- Frådraget er kr 25 000,- for eit barn og kr 15 000,- i tillegg for kvart barn utover det. Sjekk at frådraget er rett.
Reisefrådrag
- Du får frådrag for reiser til og frå jobb. Dersom du har reiser som overstig botnfrådraget har du krav på frådrag for reiser til og frå jobb.
Skatt på utleige av bustad eller fritidsbustad
- Dersom du leiger ut meir enn 50% av bustaden din og inntektene er over kr 20 000,- må du skatte av leigeinntekta. Du kan trekke frå kostnader til vedlikehald, kommunale avgifter og andre kostnader knytt til utleigedelen.
- Dersom du leiger ut fritidsbustaden din og inntektene er over kr 10 000,- må du skatte av leigeinntekta. Les meir om berekning av skatt ved utleige her.
Frist for endring
Dersom du skal endre noko i skattemeldinga di, må du gjere det innan 30. april.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000 eller via Skatteetaten sitt kontaktskjema. Du finn meir informasjon på Skatteetaten sine nettsider.