Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Har du fått skattemeldinga? Dette er nytt i år!

Har du fått skattemeldinga? Dette er nytt i år!

I skattemeldinga blir lån som du har i lag med andre fordelt likt mellom dykk.

Det vil seie at om de er to personar som har lån i lag får de no oppgjeve 50% av lånet kvar. Er de tre personar får de kvar 33,3% og så vidare. Rentene er også fordelt likt. De kan sjølv endre fordelinga i skattemeldinga.

Kalkulator, henta gratis frå Pixabay

Slik endrar de fordelinga

De kan sjølv endre fordelinga av lånet i skattemeldinga ved å endre feltet «Min andel av lån og renter (i prosent)»

Døme: Dersom du skal ha 70% og samskuldnaren din skal ha 30%, aukar du din andel av lånet frå 50% til 70%. Samskuldnaren din må redusere sin andel frå 50% til 30%.

Hugs at begge må endre skattemeldinga si, og at andelane til saman må vere 100%.

Har de spørsmål?

Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000 eller via Skatteetaten sitt kontaktskjema. Du finn meir informasjon på Skatteetaten sine nettsider.

Me ynskjer di tilbakemelding!