Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / No kjem skattemeldinga!

No kjem skattemeldinga!

Du får ein melding frå Skatteetaten når skattemeldinga di er tilgjengeleg.

Hugs at Skatteetaten ikkje sender ut ei lenkje du skal klikke på!

Logg deg direkte inn via Skatteetaten sine nettsider ved å bruke BankID eller MinID.

Kalkulator, henta gratis frå Pixabay

Dette bør du sjå etter

Skattemeldinga di er førehandsutfylt, men det er viktig at du sjekkar innhaldet og om det som er førehandsutfylt er rett.

Rentefrådrag

  • Du skal få att 22% av det du har betalt i renter. Sjekk at beløpet er rett og at fordelinga stemmer mellom deg og den du har lån i lag med.
    • Nytt i fjor var at rentefrådraget er fordelt likt mellom låntakarane. Korleis de kan endre fordelinga, kan de lese meir om her.
  • Sjekk at likningsverdien er fordelt rett i forhold til eigarbrøk. Dette er spesielt viktig dersom de er sambuarar.

Frådrag for BSU

  • Når du sparar i BSU får du 10% skattefrådrag av det du har spart på BSU-kontoen. Sjekk at beløpet og frådraget er rett.

Foreldrefrådrag

  • Dersom du har barn under 12 år i barnehage, SFO eller dagmamma, har du rett på foreldrefrådrag.
  • Frådraget er kr 25 000,- for eit barn og kr 15 000,- i tillegg for kvart barn utover det. Sjekk at frådraget er rett.

Reisefrådrag

  • Du får frådrag for reiser til og frå jobb. Dersom du har reiser som overstig botnfrådraget har du krav på frådrag for reiser til og frå jobb.

Skatt på utleige av bustad eller fritidsbustad

  • Dersom du leiger ut meir enn 50% av bustaden din og inntektene er over kr 20 000,- må du skatte av leigeinntekta. Du kan trekke frå kostnader til vedlikehald, kommunale avgifter og andre kostnader knytt til utleigedelen.
  • Dersom du leiger ut fritidsbustaden din og inntektene er over kr 10 000,- må du skatte av leigeinntekta. Les meir om berekning av skatt ved utleige her.

Frist for endring

Dersom du skal endre noko i skattemeldinga di, må du gjere det innan 30. april.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000 eller via Skatteetaten sitt kontaktskjema. Du finn meir informasjon på Skatteetaten sine nettsider.

Me ynskjer di tilbakemelding!