Gå til sideinnhold
Heim / Finansieringsbevis
Design uten navn-16

Finansieringsbevis

Eit finansieringsbevis er ei stadfesting frå oss i banken på kor mykje du kan låne til å kjøpe bustad.

Med finansieringsbevis på plass veit du kva prisramme du skal halde deg innanfor når du ser etter hus, hytte eller leilegheit.

Så kan du gå på visning og leggje inn bod med full kontroll på finansieringa.

Uforpliktande å søkje – nyttig å ha på plass

Når du søkjer om finansieringsbevis hjå Luster Sparebank, vurderer me økonomien din, og ser mellom anna på inntekt, gjeld og eigenkapital.

Det er uforpliktande å søkje, og finansieringsbeviset er gyldig i tre månader.


Difor kan det vere lurt å ha eit finansieringsbevis

Vit kva du kan kjøpe for

Du får oversikt og kan leite etter bustad innanfor ei realistisk prisramme.

Ver klar når den rette bustaden dukkar opp

Når finansieringa er avklart på førehand, kan du gå rett frå visning til bod.

By med større tryggleik

Du veit at banken har vurdert økonomien din og kva du kan finansiere.

I prislista vår finn du fullstendig oversikt over våre utlånsrenter.

Kor mykje kan eg få i finansiering?

Finansieringsbeviset tek utgangspunkt i den noverande økonomien din og vurderer inntekt, gjeld og eigenkapital.

Banken vurderer óg om økonomien din toler ei renteauke. Det endelege beløpt blir fastsett etter ei individuell vurdering.

Design uten navn-14

Vanlege spørsmål ved kjøp av bustad

Må eg vere kunde i Luster Sparebank for å søkje om finansieringsbevis hjå dykk?

Nei, du kan fint nytte den sjølvbetjente løysinga på heimesida vår utan å vere kunde hjå oss 🙂

Kor mykje må eg ha i eigenkapital for å kjøpe bustad?

Som hovudregel må ein ha 10% av bustaden sin kjøpesum i eigenkapital.

Ein kan likevel sjå på alternativ som sikkerheit i foreldre sin bustad, ein medlånetakar eller nokon som kan stille med sikkerheit som kaptial på konto, altså ein kausjonist.

Kva er effektiv rente?

Effektiv rente er den totale prisen du betalar for lånet. Reknestykket blir difor nominell rente + etableringsgebyr, termingebyr og andre kostnadar knytt til lånet = effektiv rente. Det er desse kostnadane som gjer at den effektive renta alltid er høgare enn den nominelle renta. Den enklaste måten å få ei god oversikt over kva eit lån faktisk kjem til å koste deg er difor å sjå på den effektive renta.

Kva er nominell rente?

Nominell rente er kun renta på lånet – altså prisen banken skal ha for å låne deg pengane du treng for å kjøpe tingen du ynskjer. Her er ikkje andre kostnadar på lånet som etableringsgebyr, termingebyr og liknande medrekna.

Kva er ein medlånetakar?

Ein medlånetakar er ein person som tek opp lån saman med ein hovudlånetakar. Ein medlånetakar er like ansvarleg for nedbetaling av lånet som hovudlånetakar. Ansvaret mellom dei er ikkje delt og fylgjer prinsippet alle for ein – ein for alle. Medlånetakaren treng ikkje vere eigar av til dømes bustaden eller bilen som lånet dekkar.  

Kva er flytande rente?

Eit lån med flytande rente fylgjer marknadsrenta. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar medan du får lågare lånekostnadar dersom renta går ned. Historisk har det synt seg at det over tid lønnar seg å velgje flytande rente framfor fastrente. Toler du at lånekostnaden din svingar litt kan det difor vere lurt å velge flytande rente.

Kva er finansieringsbevis?

Tidlegare var finansieringsbevis mykje brukt. Dette er eit dokument som banken har signert og stempla der maks kjøpesum framgår. Finansieringsbevis er no svært lite brukt. Dersom du likevel skulle ha behov for det så gje oss beskjed så skal me ordne dette til deg.

Kva er eit annuitetslån?

Eit annuitetslån er eit lån som blir nedbetalt med like stort terminbeløp kvar månad heilt til lånet er innfridd. I byrjinga er avdragsdelen liten og rentedelen stor. Etter kvart som lånet blir nedbetalt blir avdragsdelen større og rentedelen mindre.

Anne Kari Herlofsen Nes

Snakk med oss om bustadlån

Våre dyktige rådgjevarar hjelper deg gjerne med små og store spørsmål om finansiering av bustad.

Me ynskjer di tilbakemelding!