Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Bankkort / Visa Reklamasjon
Person holder et betalingskort framfor en pc. Foto

Visa Reklamasjon

Har du transaksjonar på kontoen du ikkje kjenner til kan du ha rett til å reklamere på transaksjonen dersom du har betalt med Visa.

Dei fleste kortkjøp blir korrekt gjennomført, men det kan vere transaksjonar på kontoen som du ikkje kjenner til eller ikkje har godkjent. Det kan også vere at du ikkje har fått varene du har bestilt eller at det er noko feil med dei. Det same gjeld også dersom du ikkje mottek pengane ved minibankuttak i utlandet.

Desse transaksjonane har du høve til å reklamere på.

Ver merksam på dette:

  • Sperre kortet ditt straks du mistenker at noko er gale!
  • Du kan reklamere på alle typar korttransaksjonar, inkludert norske.
  • Kjenner du til transaksjonen, må du alltid prøve å løyse saka direkte med brukarstaden først.
  • Reklamasjonar på ukjende transaksjonar føreteke med kort og PIN og/eller sikker netthandel (3-D Secure) må meldast til politiet.

Vår reklamasjonsbehandling blir ivareteke av TietoEvry, som kan kontaktast på:

E-post: [email protected]

Telefon: +47 21 49 87 69

Me ynskjer di tilbakemelding!