Gå til sideinnhold
Heim / Bedrift / Dagleg drift / Kort og konto

Kort og konto

Me har ulike kontoar som passar dei ulike behova di bedrift har. Du har også høve til å knyte eit eige bedriftskort til bedriftskontoen din.

Full oversikt

I nettbank og mobilbank vil du ha god oversikt over kontoane til bedrifta di.

Opprett fleire kontoar til kvart sitt formål

Me tilbyr ulike typar kontoar, slik som skattetrekkskonto, bedriftskonto, valutakonto og plasseringskonto.

Tilleggstenester

Du kan knyte eitt eller fleire kort, eller andre betalingstenester til kontoane dine.

Bedriftskonto

Dei fleste har ein bedriftskonto til den daglege drifta si. Denne kontotypen er fleksibel og nyttast til løpande inn- og utbetalingar. Du kan knyte betalingskort til denne kontoen, samt andre betalingstenester. Til dømes kan du få innvilga ein kreditt. Du kan opprette fleire bedriftskontoar om du ynskjer det.

Skattetrekkskonto

Når du er arbeidsgjevar må du trekke skatt av løn og anna godgjersle du betalar ut til dine tilsette. Du betalar dette til skattemynda i den kommunen bedrifta di er etablert i. Skattetrekkskontoen er eit obligatorisk produkt for dei fleste.

Kontoen vil vere sperra for andre uttak enn til skattemyndigheitene. Er du så uheldig å overføre for mykje pengar til skattetrekkskontoen din, så må du søke om å få dei tilbake på Skattetaten sine nettsider. Klikk her for meir informasjon.

Ynskjer du å avslutte skattetrekkskontoen til selskapet fyller du ut skjemaet (RF-1529) om frigjeving og sender dette til banken. Skjemaet finn du her på Skattetaten sine nettsider.

Plasseringskonto

Ein plasseringskonto er ein sparekonto med høgare rente enn ein brukskonto. Du kan lese meir om sparing i bank her.

Valutakonto

Dette er ein konto for oppgjer og transaksjonar i ein fastsett valuta. Du kan opprette ein konto for kvar valuta, dersom du handlar i fleire valuta.

Korleis opprette kontotypen du ynskjer

Du opprettar enkelt konto sjølv i nettbanken. Du vil få opp ei oversikt over dei ulike vala om kontotype. Merk at nokre typar kontoar er det kun mogleg å ha ein av. Ynskjer du å opprette konto i Nettbedrift, ta kontakt med oss.

Om kort

Med eit bankkort knytt til bedriftskontoen din vil du forenkle den daglege drifta di.

Me tilbyr debetkortet Visa Classic, dette er eit betalingskort utan kreditt. Bankkortet kan nyttast i Norge, i utlandet og på nett av den personen bankkortet er utstedt til.

Inge Teigen

Snakk med oss om kort og konto

Me ynskjer di tilbakemelding!