Fond og aksjar
Har du høve til å spare langsiktig og meiner avkastninga er viktig? Då kan fondssparing vere eit bra alternativ for deg
Vel ei fondspakke – kom raskt i gang
For at du enkelt skal komme i gang med fondssparing har me satt i saman nokre ferdige fondspakker. Du kan velje mellom ulike risikoprofilar, om du vil opprette fast sparing eller kun investere eit eingongsbeløp. Kva som passar best for deg avheng av sparemål, tidshorisont og risikoen du er komfortabel med.
Forsiktig sparing
- Lågare risiko for tap
- Moderate svingingar
- Stabil og langsom utvikling
- 20% aksjar og 80% renter
- Årleg totalkostnad 0,65%
Balansert sparing
- Moderat risiko for tap
- Moderat verdiutvikling
- Bedre avkastning enn ved forsiktig sparing
- 50% aksjar og 50% renter
- Årleg totalkostnad 0,70%
Offensiv sparing
- Høgare risiko for tap
- Høgare avkastning over tid
- Verdiutviklinga vil svinge
- 100% aksjar
- Årleg totalkostnad 1,15%
Bærekraftig sparing
- Fokus på grønn energi og sirkulærøkonomi
- Høg risiko og avkastning
- 100% aksjar
- Årleg totalkostnad 1,50%
Global indekssparing
- Brei global eksponering
- Høg avkastning og risiko
- 100% aksjar
- Årleg totalkostnad 0,43%
Sparerobot
La spareroboten vår hjelpe deg med å velje fond. Denne stiller deg nokre enkle spørsmål og vil foreslå passande risikonivå, relevante fond og spareavtaledetaljar
Vel fond sjølv
Logg inn i nett- eller mobilbanken din, vel Fond og Aksjar og gå vidare til fondsportalen. Her kan du enkelt velje dei fonda du ynskjer. I portalen kan du også legge opp faste spareavtalar og få full oversikt over dine investeringar.
Skreddarsydde spareråd til deg
La spareroboten vår hjelpe deg med å velje fond. Denne stiller deg nokre enkle spørsmål og vil foreslå passande risikonivå, relevante fond og spareavtaledetaljar
Kva er eit fond?
Eit fond er ei kollektiv investering der mange spararar går saman om å plassere pengane sine i verdipapirmarknaden.
Vil du heller spare i aksjar?
Ein aksje er ein eigarandel i eit aksjeselskap.
Fondskonto eller aksjesparekonto?
Når du sparar i aksjefond eller aksjar kan du velje mellom å samle investeringane dine på ein vanleg fondskonto eller i ein aksjesparekonto.
Ein aksjesparekonto gir deg mange fordelar. Med aksjesparekonto kan du enkelt flytte pengane dine mellom ulike aksjefond eller enkeltaksjar utan at du må betale skatt på vinsten. Skatten betalar du når du vel å ta ut pengane frå kontoen. Aksjesparekontoen kan du enkelt opprette hjå oss i fondsportalen.
VPS investortjenester
VPS Investortjenester er ei internettjeneste som gjev deg oversikt over alle VPS-registrerte verdipapir på tvers av alle bankar og meklarhus.
Her får du oversikt over verdipapir som aksjar, obligasjonar og fondsandelar på alle dine VPS-kontoar. Ein kan også finne alle endringsmeldingane, årsoppgåver og realisasjonsoppgåver som har blitt sendt til deg dersom du ikkje har reservert deg mot å motta meldingar frå VPS. Du får også oversikt over transaksjonane dine, og du kan sjå personopplysningane registrert på VPS-kontoen slik som adresse, bankkonto for utbetaling/belastning med meir.
Me hjelper deg gjerne i gang med fond og aksjesparing
Dette lurer mange på om sparing i fond og aksjar.
Kva er eit aksjefond?
Eit aksjefond er eit verdipapirfond der minimum 80 prosent av andelseigarane sin kapital blir investert i aksjemarknaden. Aksjefond er delt inn i ulike grupper etter kvar ein skal investere midlane i fondet. Investeringa kan til dømes vere geografisk avgrensa (til Noreg, Norden eller Europa) eller på bransje (til dømes helse, finans eller teknologi).
- Den mest nytta fondstypen i Noreg
- Eignar seg spesielt godt for langsiktig sparing i minst fem år
Kva er eit rentefond
Eit rentefond er eit fond som plasserar pengane i renteberande papir som sertifikat (lån med løpetid inntil 12 månader) og obligasjonar (lån med løpetid over 12 månader). Dei som utferdar slike papir er stat, fylke, kommune, bankar og store selskap.
- Sertifikat og obligasjonar har ein jamnare verdiutvikling enn aksjefond, og av den grunn kan du forvente lågare avkastning over tid
- Det vert anbefalt å spare i minst to år
Kva er eit kombinasjonsfond?
Eit kombinasjonsfond er ein kombinasjon av eit aksjefond og eit rentefond.
- Dess større andel aksjefond dess større forventa avkastning og risiko
- Det vert anbefalt å spare i minst tre år
Korleis kjøper eg fond?
- Logg inn i nettbanken eller mobilbanken
- Vel «fond og aksjar»
- Kjøp, løys inn eller reinvestere i spesifikke fond
Du kan også sjå verdien og avkastninga av fonda dine under «fond og aksjar».
Me gjer merksam på at innføring av skatteopplysningsavtale med USA (FATCA) har ført til at me ikkje tilbyr investeringstenester til amerikanske statsborgarar eller personar skattemessig busette i USA.
Korleis finn eg spareroboten?
I nettbank:
- Logg inn i nettbanken
- Vel «Fond og aksjar» i menylinja. Då kjem du til ei oversikt over totalverdien på fonda og aksjane dine.
- Vel «Administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
- I fondsportalen, vel meny og sjå etter kategorien fond. Der ligg «Sparerobot»
I mobilbank:
- Logg inn i mobilbank
- Klikk på menylinjene øverst til venstre
- Vel «Fond og aksjar» under overskrifta «Sparing»
- Vel «Administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
- I fondsportalen, vel meny og så fond. Der ligg «Sparerobot» i nedtrekksmenyen
Korleis opprettar eg ein aksjesparekonto?
I nettbank:
- Logg inn i nettbanken
- Vel «Fond og aksjar» i menylinja. Då kjem du til ei oversikt over totalverdien på fonda og aksjane dine
- Vel «Administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
- I fondsportalen, vel meny og under kategorien konto finn du «Opprett ASK»
I mobilbank:
- Logg inn i mobilbank
- Klikk på meny øverst til venstre
- Vel «fond og aksjar» under overskrifta «Sparing»
- Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
- Vel «Opprett ASK» i menyoversikta i fondsportalen
- I fondsportalen, vel meny og så konto. Der ligg «Opprett ASK» i nedtrekksmenyen
Korleis får eg tilgang til VPS investortjenester?
Via nettbank
Du får automatisk tilgang til Investorjenester når du er innlogga i nettbanken og klikkar på VPS Investortjenester.
I mobilbanken kan du velje meny – sparing og så klikke på VPS Investortjenester.
Via VPS Investortenester
Gå til: VPS Investortenester
- Du kan logge på med BankID
- Du kan logge på med personnr og passord. Har du ikkje passord trykk på knappen «Bestill passord» først.