Skal du kjøpe ny bil i år?
For mange er sommaren tida for å vurdere nytt køyretøy, enten det er draumen om ein ny elbil eller eit godt bruktkupp. I 2026 er det fleire ting som kan påverke kva bil som løner seg å velje, og kva kjøpet faktisk vil koste.
Særleg for deg som vurderer elbil, kan nye momsreglar få meir å seie enn før. Difor kan det vere smart å ha oversikt over både avgifter, totalpris og finansiering før du bestemmer deg.
Luster Sparebank samarbeider med Brage Finans om formidling av lån til køyretøy. Her får du oversikt over kva du bør tenkje på før bilkjøpet, og korleis du kan planleggje økonomien på ein god måte.
Kva bør du tenkje på i 2026?
Moms på elbil – kva betyr det?
Frå 2026 gjeld nye reglar for moms på elbilar for kjøpsbeløp over 300 000 kroner. Det betyr at køyretøy med høgare pris kan bli dyrare enn før.
Til dømes vil ein elbil til 500 000 kroner få ein ekstra kostnad på 50 000 kroner i moms. Dette er noko det kan vere lurt å ta med i reknestykket når du planlegg kjøpet.
Dersom du vurderer elbil, kan det vere smart å sjå på korleis avgiftene påverkar totalprisen, særleg dersom du samanliknar nytt og brukt.
Vurderer du nytt køyretøy?
Eit nytt køyretøy gir garanti og ny teknologi, men kjem ofte med høgare innkjøpspris og større verditap. Samtidig kan leveringstida vere lengre, så det kan vere lurt å undersøkje dette tidleg.
Dersom du ser på ny elbil, bør du også ta omsyn til momsreglane når du set opp budsjettet.
Vurderer du brukt?
Brukt kan gi mykje verdi for pengane og ofte mindre verditap. Samtidig er det viktig å undersøkje historikken til køyretøyet, som servicehistorikk, kilometerstand og generell tilstand.
For elbil kan momsreglane påverke nyare bruktbilar med høg pris, medan mange rimelegare alternativ framleis vil vere momsfrie.
Finansiering som gir fleksibilitet
Uansett om du vel nytt eller brukt køyretøy, kan rett finansiering gjere kjøpet enklare å planleggje.
Luster Sparebank samarbeider med Brage Finans om formidling av lån til køyretøy. Saman gjer me det enklare å finansiere kjøpet, enten du handlar frå forhandlar eller privat seljar.
Med billån gjennom Brage Finans kan du få inntil 100 % finansiering, opptil ti års nedbetalingstid og ein rask og trygg søknadsprosess gjennom Luster Sparebank.
Kvifor velje eige lån til køyretøy?
- Finansieringa følgjer det naturlege verditapet til køyretøyet, slik at det blir betre samanheng mellom lån og verdi.
- Kortare og meir tilpassa nedbetalingstid kan bidra til at du unngår å betale renter lenge etter at køyretøyet er bytt ut.
- Eit eige billån bind ikkje opp låneevna på bustaden, noko som kan gi meir økonomisk fleksibilitet seinare.
- Du har moglegheit til å endre samansetnaden på låna dersom økonomien tillet det.
- Lånet gjeld både nye og brukte køyretøy, med trygt og enkelt oppgjer direkte til seljar.
- Søknadsprosessen er rask og digital.
Planlegg før du bestemmer deg
Enten du vurderer nytt eller brukt køyretøy denne sommaren, kan det vere lurt å sjå på totaløkonomien før du bestemmer deg.
Med oversikt over kostnader og ei finansiering som passar økonomien din, blir det enklare å ta eit val som fungerer både no og framover.